– Julaftan er min favorittdag. Eg ønskte å dele den gleda med fleire og kanskje gjere det til ein fin dag for nokon som kanskje ikkje har det som ein favorittdag.
Det fortel Benjamin Vabø. Han tok kontakt med kameraten Kristian Kleiveland, og lufta idéen.
– Då Benjamin ringde meg om dette, så syntest eg det høyrdest veldig fint ut. Vi har alltid hatt nokon å feire jul med, og då er det fint å kunne gi det vidare til andre, fortel Kleiveland.
Nordhordland besøker dei to i lokala til Lindås Misjonskyrkje tidleg på ettermiddagen, 23. desember. På bordet står Non Stop og julebrus. Om 28 timar kjem gjestene. Men, først skal det pyntast.
– Det skal vi gå i gang med no. Vi skal ta ein del av salen og gjere den litt ekstra julekoseleg. I tillegg skal vi førebu mest mogleg av maten i kveld. Då kjem det og nokre som er litt meir matkyndige som skal hjelpe oss litt.
Begge dei to gjekk i misjonskyrkja i oppveksten, og foreldra til Vabø er aktive i drifta av kyrkja.
– Misjonskyrkja er med på å støtte arrangementet og held oss med lokale. Det er vi veldig glade for, forklarar han.
Middag, gode samtalar og allsong
Medan jula ringast inn over heile landet, opnar dei to dørene og set fram julekakene i misjonskyrkja på Lindås senter, så serverer dei pinnekjøt, ribbe og moltekrem med krumkaker. Dei neste timane blir det gode samtalar rundt bordet og allsong.
– Målet er at folk ikkje skal føle at dei deltek på eit arrangement, men at dei er her for å feire julaftan, fortel dei.
– Eg håpar folk går herfrå med ei kjensle av at dei har hatt ein god julaftan. Det er det viktigaste, utdjupar Vabø.
Påmeldingsfristen gjekk i utgangspunktet ut 22. desember, og per no er det sju personar som har meldt frå om at dei kjem. To andre har meldt frå om at dei kanskje kjem.
– Det treng ikkje vere så stort heller. Det viktigaste er at dei som kjem får ein fin kveld, seier Kleiveland.
– Vi hadde vel ein tanke om at dersom det kom ein person, så ville det vere ein suksess, supplerer Vabø.
– Full stove
– Det er ikkje så mange på dykkar alder som tar initiativ til slike arrangement?
– Eg skulle ønske at det var mange fleire som gjorde det. Eg trur alle har godt av å gi litt. Eg trur det er noko av det ein kan få mest glede av her i livet, er å skape glede for andre, seier Vabø.
Det er Kleiveland einig i.
– Det er heilt sant. Når du gir glede til andre, så går det begge vegar, seier Kleiveland.
Dei to har allereie kome fram til at dei ønsker å halde fram med neste år. Eigentleg var planen å arrangere julaftan i fjor. Men då sette ei ny smittebølge med covid-19 ein stoppar for planane.
– No gler vi oss til gjestene kjem.