Vald til leiar av Hordaland KrF

Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF) er no vald til historias siste leiar av Hordaland KrF.

Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF) er no vald til historias siste leiar av Hordaland KrF. Foto:

DEL

– Eg er utruleg stolt og audmjuk over å ha blitt vald til leiar for Hordaland KrF, som er eit av KrF sine største fylkesparti. Me har fått eit godt styre på plass som eg gler meg til å samarbeide med, seier Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes i ei pressemelding.

Ho er no vald som fylkesleiar for Hordaland KrF. Dermed vert ho historias siste Hordaland KrF-leiar då det er vedtatt å etablera Vestland KrF frå nyttår av.

– No skal me byggja laget, og kjempa for at KrF skal få mest mogleg innflytelse i kommunane og i det nye fylket Vestland etter valet. KrF er eit samarbeidsparti, der kvardagen til innbyggjarane er det viktigaste, seier Byrknes vidare.

Hordaland KrF og Sogn og Fjordane KrF hadde denne helga fylkesårsmøter på Sunnfjord hotel i Førde.

Med seg i styret får Byrknes desse:

Jarle Skeidsvoll (1. nestleiar)

Vigdis Anita Gåskjenn (2. nestleiar)

Jarle Jacobsen (Direktevald representant)

Joel Ystebø (leiar Vestland KrFU)

Sæbjørg Hageberg Kjeka (leiar Hordaland KrF Kvinner

Tor André Ljosland (leiar for fylkestingsgruppen)

Per-Erik Gåskjenn (leiar Bergen KrF)

Artikkeltags