Har avhøyrt 50 personar i pyromansaka på Frekhaug

Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Men står framleis utan mistenkte i saka.

DEL

Tre hus vart forsøkt påtend i Frekhaugmarka bustadfelt ei natt til søndag i byrjinga av september.

Ein snarrådig nabo oppdaga at det brann i inngangspartiet hjå ein nabo i feltet og kan med det ha sørga for at det heile ikkje enda tragisk.

LES OGSÅ: Tre hus forsøkt påtend i natt

Evakuerte i nattøyet

Kledninga hadde alt tatt fyr, då han fekk varsla to vaksne og tre born som låg og sov i huset. Alle måtte evakuera i berre nattøyet.

Ein månad seinare står politiet framleis på bar bakke når det kjem til mistenkte i saka.

– Me har ingen formelt mistenkte per dags dato. Men me prøver å sirkla inn rørslemønsteret til kandidatar for å sjekka ut alibiet til enkeltpersonar, seier lensmann ved Nordhordland lensmannsdistrikt, Kjell Idar Vangberg til avisa Nordhordland.

Foto:

Han seier dei jobbar med org.krim i Bergen med å kartlegga kva som har skjedd på Frekhaug.

Så langt har dei avhøyrd 50 personar i saka.

– Me må sy dette saman og sjå kva me eigentleg har og dokumentera det i så tilfelle, seier han.

Han seier det er veldig mange personar som har vore ute og gått på Frekhaug i det aktuelle tidsrommet. Difor må dei gå varsamt fram.

– Folk må ikkje gå rundt og tru at me mistenker dei, berre for dei har vore ute og gått tur med hunden sin, seier han.

LES OGSÅ: Etterlyser mopedist etter brann i bosshus

Vil ha tips

I april var det og fleire brann-tilløp på Frekhaug. To helger på rad brann det ulike plassar. Det er og gjort skadeverk i samband med brannane. Politiet ser sakene i samanheng.

– Me prøver å finna samanhengen. Det er same byggefelt til same tid, så no må me sjå om det er likskapstrekk, seier Vangberg.

No vil han ha tips frå folk som kan ha sett noko.

– Er det folk som har opplysningar i saka, er me glade for det. Det er små ting som kan vera den siste brikka i puslespelet, seier han.

Har du tips i saka kan du ta kontakt med lensmannskontoret på telefon 5635 5670

Artikkeltags