Par tatt etter tjuveriraid

DEL

Like før klokka 11, torsdag føremiddag, melde operasjonssentralen til Vest politidistrikt at dei har tatt ein mann og ei kvinne etter eit tjuveriraid.

Dei to skal ha vore innom ein del bustader og garasjar i Isdalstø.

Politiet har fått kontroll på paret og det er og funnen ein del eigedelar som kan sporast tilbake til ulike hus i Isdalstø.

Dei to vert tatt med til arresten i Bergen og ei sak vert oppretta på dei.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags