Tilsett på trafikksentralen på Fedje er mistenkt i fregatthavariet

Bergen  20190304.
KNM Helge Ingstad tilbake på Haakonsvern.
Sjøforsvaret og Forsvarsmateriell inviterer media til orientering om hva som skal skje videre med Helge Ingstad, på Haakonsvern mandag 4. mars. 

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

Bergen 20190304. KNM Helge Ingstad tilbake på Haakonsvern. Sjøforsvaret og Forsvarsmateriell inviterer media til orientering om hva som skal skje videre med Helge Ingstad, på Haakonsvern mandag 4. mars. Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix Foto:

Av

Vaktsjefen på fregatten Helge Ingstad, losen og ein tilsett på trafikksentralen på Fedje har fått status som mistenkte etter ulykka i november, melder NRK.

DEL

Losen fekk status som mistenkt tidleg i etterforskinga. Under etterforskinga er òg ein vaktsjef og ein tilsett på trafikksentralen mistenkt, opplyser Ole Bjørn Mevatne, påtaleansvarleg i Vest politidistrikt, til NRK.

Ingen er sikta i saka, men politiet har gjennomført omtrent 60 avhøyr i saka. Natt til tysdag blei ulykka rekonstruert av Statens havarikommisjon. «Sola TS» deltok i rekonstruksjonen, saman med politiet, Equinor, Kystverket og Sjøforsvaret.

Fregatten KNM «Helge Ingstad» og tankskipet «Sola TS» kolliderte om morgonen 8. november. Fregatten blei liggjande i fjæresteinane nord for Stureterminalen i Øygarden i nesten fire månader før den blei heva og frakta til Haakonsvern i Bergen.

I Havarikommisjonens foreløpige rapport om ulykka kom det fram at mannskap på fregatten like forut for kollisjonen ikkje klarte å skilje mellom tankskipet og land.

Losen på «Sola TS» er mistenkt for brot på navigasjonsreglane, blant anna om skipet låg riktig i farvatnet og gav riktig signal til fartøyet som kom imot, ifølge Mevatne. Den mistenkte på fregatten er vaktsjefen, som var ansvarleg på brua i forbindelse med samanstøyten, seier Mevatne.

Tidlegare er det kjent at sju personar var på brua på fregatten då ulykka skjedde, blant anna ein amerikanar under opplæring.

Artikkeltags