Pål Kårbø melder seg ut av KrF

Pål Kårbø, KrF, seier dei har no bede fylkesrådmannen om å setja i verk budsjettvedtaka som det politiske fleirtalet vedtok før jul 2017.

Pål Kårbø, KrF, seier dei har no bede fylkesrådmannen om å setja i verk budsjettvedtaka som det politiske fleirtalet vedtok før jul 2017. Foto:

Av

Fylkesvaraordføreren melder overgang til Høgre. Han held likevel fram som uavhengig representant enn så lenge.

DEL

– Den ryddigaste måten er å vere partiuavhengig ein periode. Eg melder meg ut i løpet av veka. Det skjer også ved at eg svarar nominasjonskomiteen til KrF om at eg ikkje er interessert i å ta renominasjon, seier Pål Kårbø til BA.

Held fram i vervet

Han seier at det er KrF sin manglande beslutningsevne nasjonalt, at dei ikkje klarar å bestemme seg for å vere med i den borgarlege regjeringa eller ikkje, som er årsaka.

Kårbø har vore fylkesvaraordførar i Hordaland sidan 2015 og held fram i vervet.

– Eg er knytt til det vervet som person, og vil gjere ein god jobb som uavhengig representant. Det er ryddigast ovanfor KrF og ovanfor velgarane, seier han.

Tidlegare i år har fleire sentrale politikarar i bystyret, blant anna Marita Moltu, meldt overgang frå KrF til De Kristne.

Ein «Høgre-mann som ber for maten»

Gruppeleiar i Sp, Bente Bondhus, seier at Kårbø ringte ho seint laurdag kveld.

– Det som er viktig no er å sørgje for at velgarane sine interesser skjøttes og at ting blir gjort riktig formelt. Pål har alltid vore skvær og det er han også i denne saka, seier hun.

Kårbø seier spøkefullt at han har blitt kalt ein «Høgre-mann som ber for maten». Han er som kjent ikkje den første varaordføreren på våre trakter som melder seg ut av partiet.

– Litt spesielt at varaordføreren i både Bergen bystyre og Hordaland fylkesting melder seg ut av KrF?

– Ja, det er det. Men vi har forskjellige grunnar til å gjere det. Tidspunktet har med nominasjonen å gjere, svarar Kårbø.


Artikkeltags