– Det har vore snakk om eit kulturhus i 20 år, utan at ein har fått det til.

Eit regionalt kulturhus i Knarvik som kan dekka scenekunst, konsertar, kino, bibliotek og liknande meiner Ivar Hopland er mangelvare.

– Dette kunne trekt folk til kommunen, på same måte som eit symjeanlegg. Me er sjølvsagt positive til Alverbadet, men me ynskjer òg at eit kulturhuset vert løfta fram no når det er litt i vinden, seier den nyvalde leiaren i Alver Kulturråd.

Dei meiner politikarane bør ta standpunkt til eit regionalt kulturhus, og setja av areal til det.

Tomt er viktig

– Me hadde oppe saka på årsmøtet i Alver Kulturråd no på onsdag, og årsmøtet slutta seg til ei fråsegn om saka, forklarar Hopland.

Dei har følgt saka om bygging av nytt symjeanlegg og ser med uro på at eit kulturhus ikkje er med som ein del av diskusjonen. Før kommunevalet i 2015 lova politikarane i Lindås at det skulle setjast av ei tomt til kulturhus.

Rune Håndlykken har vore rådgjevar for kulturbygg i tallause kommunar tidlegare. I 2017 utarbeidde han ein moglegheitsstudie for eit kulturhus i kommunen. Då vart det sett av ti millionar til vidare planlegging.

Han peikte på at bibliotek, kulturhus og symjeanlegg kunne vera ein god kombinasjon.

– Kulturrådet reagerer at ingen frå kommunen har nemnt dette med eitt ord no det siste året når det har vore snakk om eit basseng, kjem dei med i sin uttale.

Dei er særleg uroa for at det vert sett av areal til symjeanlegg utan at ein tenker på eit areal for kulturhuset.

– Særleg dette med å få setta av areal til kulturhus er viktig for oss, er Hopland klar på.

Frykta er at kulturhuset på eit seinare tidspunkt får ei mindre heldig tomteløysing.

Ordføraren har lyst på kulturhus

I eit utkast til samfunnsdelen i Alver sin kommuneplan står det at det er ynskjeleg med kulturhus og symjehall i Knarvik. Planen skal vedtakast i mai.

– Eg trur det vil bidra til at Knarvik vert ein meir attraktiv plass for å leva, bu og jobba, seier Sara Hamre Sekkingstad.

Senterparti-politikaren er ordførar i Alver. Det er næringslivet i kommunen som har teke initiativet til symjehall i Knarvik. Alver har sagt at dei er positive, vil festa tomt og stilla med lånegaranti dersom det er behov.

– Men å bygga kulturhus og symjehall i eitt prosjekt er ikkje realistisk i dag. Me som kommune har ikkje økonomi til kulturhus no og det er symjehall næringslivet har teke initiativ til, forklarar Sekkingstad.

Kommunen har allereie fleire prosjekt på vent grunna stram økonomi. Ordføraren er open for at ein fase to seinare kanskje kan vera eit kulturhus.

– Eit kulturhus og symjeanlegg saman kan ha fordelar, slik som Håndlykken peika på. Eg har kjempelyst til å få til eit kulturhus. Det er eg ikkje åleine om. Me skal utvikla og transformera Knarvik til ein bygdeby. Ein kan tenka seg at det er tomter på nedsida av vegen som er vel så gode til kulturhus.