– Det viktigaste for oss i næringslivet er at det ikkje forsvinn 100 megawatt rett før den mest kritiske vinteren me har opplevd, seier Baste Tveito, dagleg leiar i Nordhordland næringslag.

Han kjem no med ei kraftig oppmoding til olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).

For næringslaget meiner at det er eit dundrande paradoks at gasskraftverket vert skrota i det ein går inn i ein vintersesong der det kan komma på tale med straumrasjonering.

– Timinga kunne knapt vore meir elendig. Her må det vera mogeleg å tenka seg om, seier Tveito.

Statnett: – Uheldig

I juli vart det kjend at Statnett oppmoda Equinor om å stansa planane om å avvikla gasskraftverket på Mongstad. Sidan 2017 har det vore kjend at Equinor ønskjer å avvikla kraftverket, som har vore eit stort pengesluk for olje- og gasselskapet.

Nedlegginga har vorte utsett ei rekke gongar, og framleis er gassturbinen i drift som ei reserveløysing på Mongstad.

Grunnen til oppmodinga frå Statnett var den kritiske situasjonen for forsyningstryggleiken for kraft både i Nordhordland, bergensområdet og landet generelt, som følge av den europeiske energikrisa.

Kort tid tidlegare, i juni, hadde olje- og energiminister Terje Aasland varsla at det neste vår kan komma på tale med straumrasjonering.

– Spesielt i dette området, der forsyningssituasjonen frå før er anstrengt og fleire nye forbrukarar ønsker å kopla seg på, er det uheldig at ein større produsent koplar seg ut, sa konserndirektør for systemdrift i Statnett, Peer Olav Østli, til Energiteknikk.

Equinor var raske med å avslå førespurnaden frå Statnett.

– Equinor har sidan 2017 hatt ei rekke møter og kommunikasjon med nettaktørane regionalt og nasjonalt om interesse for å bidra til å halda oppe drifta av gassturbinane i kraftvarmeverket, men ingen av aktørane har vist interesse for å vera med på å bidra økonomisk til dette, sa Ola Morten Aanestad, pressetalsperson i Equinor, til Teknisk ukeblad.

Equinor sparka i staden ballen tilbake til Statnett – utan at noko har skjedd.

– Rettar bakar for smed

Tveito meiner det er feil at det er Equinor, som truleg har tapt mellom 200 og 500 millionar på kraftverket, som vert ansvarleggjort, og meiner at regjeringa no må på bana.

– Dei rettar bakar for smed. Dei må ta ansvaret sjølv. Det er statsråden som har ansvaret. Det er hans fagetat, Statnett, som har peikt på behovet. Det er ikkje Equinor som har ansvaret for norsk energipolitikk eller elektrifiseringa av sokkelen.

Den daglege leiaren i næringslaget meiner knipa kan løysast på fleire måtar.

– Energikrisa og kraftpolitikken er samansett, og eg forstår at dette er uhyre vanskeleg for regjeringa. Men når det gjeld dette konkrete energiverket, så er det ikkje komplekst og vanskeleg. Statnett kan kjøpa anlegget, eller dei kan komma med ein økonomisk kompensasjon, eller bruka fantasien og finna andre løysingar, føreslår Tveito.

Felles initiativ

No varslar fylkesordførar Jon Askeland (Sp) at han saman med nettopp Nordhordland næringslag og Bergen næringsråd vil ta eit initiativ for å be regjeringa om å vurdera saka på nytt.

Sjølv om han ikkje vil vera like hard i klypa mot regjeringa.

– Statsråden har varsla mogeleg straumrasjonering til vinteren. At Equinor på same tid demonterer gasskraftverket er jo spesielt. Me er opptekne av å unngå rasjonering, og sikra at privatpersonar og næringsliv får den krafta dei treng, fortel Askeland til Nordhordland.

Han håpar at statsråden kan finna løysingar som kan hindra at kraftverket vert avvikla.

– Me tek no eit felles initiativ for å be regjeringa om å gjera noko. Me ber statsråden om å setja seg inn i dette, og sjå kva som kan gjerast. Eg tolkar det som at Equinor ikkje avviser at det er mogeleg å finna ei løysing, men at dei treng ein økonomisk kompensasjon.

– Men me snakkar her om eit gasskraftverk som i drift bidreg med betydelege utslepp av klimagassar?

– Om Tyskland set i gang fleire kolkraftverk vil det vera verre når det gjeld utslepp, svarar fylkesordføraren.

Ein av dei nærmaste dagane vil han saman med næringsorganisasjonane posta eit brev adressert statsråden.

Kritisk for attraktiviteten

Også Baste Tveito er klar på at gasskraftverket ikkje er noko ideell løysing, men at alternativa fort kan verta verre.

– Me er alle einige om at dette varmekraftverket slepp ut Co₂. Men når ein ser at Tyskland vurderer å starta opp kolkraftverk og Sverige startar opp dieselkraftverk, er det ikkje god klimapolitikk å stenga ned dette anlegget no.

Næringslaget meiner at ein for alt i verda må unngå at industrien i området vert råka av straumrasjonering.

– Kven i all verda er det som vil etablera ny industri i eit området der det var straumrasjonering sist vinter? Det vil vera katastrofalt for attraktiviteten til regionen.