I studien tok forskarane utgangspunkt i landsomfattande helseundersøkingar der 290.000 personar var med frå 70-talet til 2003. Blant desse utvikla 3.000 føflekkreft, og forskarane fann ein høgare gjennomsnittleg BMI på personane med tjukkast svulstar som følgje av tilstanden.

– Vi trur dette delvis er styrt av åtferd; tidlegare studiar har vist at overvekt og misnøye med eigen kropp fører til at folk, og særleg menn, i mindre grad følgjer med på eigen kropp, slik at føflekkreft-svulstar kan veksa uoppdaga og derfor er tjukkare ved diagnose, seier studiens førsteforfatter Jo Stenehjem.

Les også

– Eg kan ikkje røra alkohol eller noko. Elles går det berre ein veg, rett i døden

 

I artikkelen til Kreftregisteret om forskingsrapporten heiter det at føflekkreft-ramma med tynn svulst lever lenger enn dei med tykke svulstar.

– Resultata våre er nok eit argument for å prøva å halda seg normalvektig, sjølv om fornuftige solingsvanar framleis er det aller viktigaste for å unngå føflekkreft, seier postdoktor Stenehjem i Kreftregistret.

Totalt døyr meir enn 300 personar i Noreg av føflekkreft kvart år.

Les også

Vi må ta debatten om utbygginga av området rundt Brekkeløypa