Etter at tilsynet først stengde ned aktiviteten, får Beerenberg no starta opp att med stillasbygging, stadfestar Petroleumstilsynet til NH.
Under bygging av eit stillas på Mongstad 18. januar, fall ein 30-åring frå Polen om lag 23 meter ned på eit betongdekke.
Mannen vart alvorleg skadd som følgje av fallet.
Både Equinor, Petroleumstilsynet og Beerenberg er i gang med granskingar av hendinga. I tillegg vert hendinga etterforska av politiet.
Måndag morgon skreiv Petroleumstilsynet i ei pressemelding at dei har stansa all bygging av stillas i området, fordi det ikkje har vore gode nok rutinar knytt til monteringa av stillasa.
Tidleg måndag føremiddag stadfesta Beerenberg overfor NH at dei har fått løyve til å starta opp att arbeidet.

Daniel (30) fall frå over 20 meter: No slår kollegaar frå heile Europa ring om familien
Har avdekka utilstrekkelege rutinar
Granskinga til Petroleumstilsynet har til no vist at metoden som vart brukt då stillasa vart bygd gjekk ut på klatring i stillas-ramma, og at det berre var sikring i form av såkalla y-liner.
– Det vart ikkje etablert arbeidsplattform eller stillasgolv som personell kunne stå på under monteringa av stillaset, og måten arbeidet gjekk føre på innebar risiko både for personell og utstyr, skriv tilsynet i pressemeldinga.
Petroleumstilsynet kan med heimel i Arbeidsmiljølova stoppa arbeidsaktivitetar når det er overhengande fare for liv og helse.
– Det er umiddelbar og reell fare for liv og helse knytt til bygginga av stillas på Mongstad.
Petroleumstilsynet sende måndag eit brev til Beerenberg med pålegg om stans i arbeidet.
Får starta opp att arbeidet
Berre nokre timar etter nedstenginga av arbeidet, fekk Beerenberg løyve til å starta med stillasarbeidet igjen.
– Me har no fått tilbakemelding frå Petroleumstilsynet om at aktiviteten kan startast opp att, seier kommunikasjonsansvarleg i Beerenberg, Ingrid Lovise Færøyvik, til NH.
Selskapet fortel at kravet frå tilsynet ikkje har hatt særlege konsekvensar, sidan arbeidet vart lagt på is umiddelbart etter den tragiske fallulukka.
Petroleumstilsynet stadfestar at dei har gitt grønt lys for at arbeidet kan starta opp att.
– Eg kan stadfeste at Beerenberg får starta opp att aktiviteten på Mongstad og at pålegget me gav dei er følgd opp, seier pressekontakt i Petroleumstilsynet, Øyvind Midtun.
Tilsynet legg til grunn at tryggleiken no er akseptabel på anlegget.
– Me gav dei meldinga om dette i føremiddag, seier Midtun.
Har starta innsamlingsaksjon
Som Bergensavisen skreiv i førre veke, var det 30 år gamle Daniel Dzik frå Polen som vart sendt til sjukehus med alvorlege skadar etter ulukka.
Han vert skildra som ein røynd og dyktig kollega.
Kona og sonen vart i all hast flogne til Bergen, og har sidan vore saman med den hardt skadde mannen.
Det er sett i gang fleire innsamlingsaksjonar for å hjelpa familien.

Har funne avvik på anlegget tidlegare: No skal Petroleumstilsynet granske det stygge fallet på Mongstad

Dei tilsette samla seg i Mongstadhallen
