Det opplyser Equinor i ei pressemelding.
– Ingen er skadd, og vi sørger for at de har det bra, seier talsperson Morten Ek i Equinor til NTB.
Røykutviklinga oppstod i prosessanlegget på plattforma, noko som inneber at det ikkje er i nærleiken av boligkvarteret.
– Det er ei situasjon kor vi har behov for å få meir informasjon om kva som skjer på staden det ryk frå. Vi har et innsatslag om bord, med brannvernsressursar og helseberedskap, som går inn i situasjonen, seier han.
Equinors alarmsentral vart varsla om hendinga klokka 13.15 onsdag.
Ifølge politiet tydar det no på at situasjonen er i ferd med å betra seg.
– Allereie 14.30 var fargen på røyken i ferd med å skifta farge frå mørk til lys og det er jo eit godt teikn. Dei meiner dei skal klara å handtera dette sjølv der borte, seier operasjonsleiar Per Algerøy i Vest politidistrikt til NTB ved 15.40-tida.

– Dette er nærmast genialt
Uklart om det brenn
Det er framleis uklart om det dreier seg om ein brann.
– Det er meldt at det er røykutvikling, men vi veit ikkje meir enn det. Vi har fartøy på veg for å undersøke situasjonen, seier talsperson Morten Ek i Equinor til NTB.
Han seier at det ikkje er normal produksjon på plattforma, men at det for tida går føre seg reparasjonsarbeid der.
– Dermed er det ikkje fare for at olje og gass antennes på same måte som det elles ville vore. Vi tar likevel situasjonen på største alvor. Enn så lenge er det ikkje stadfesta noko brann på plattforma, men det er altså kraftig røykutvikling, seier Ek.
Han opplyser det er for tidleg å si noko om dei skal starte evakuering av personane om bord.
Det er 121 personar om bord plattforma.
Redningsleiar ved Hovudredningssentralen for Sør-Norge Nils-Ole Sunde fortel til Firdaposten at dei fekk melding ifrå plattforma 13.24. Då rapporterte dei om kraftig røykutvikling.
– Få minutt etter den første meldinga var dei uroa og bad om alle tilgjengelege ressursar, seier Sunde. Dei utalarmerte redningshelikopteret i Florø. Equinor som eig plattforma det er snakk om, har stasjonære redningshelikopter både på Tampen- feltet og på Oseberg-feltet som no står standby.

Equinor førebur kutt på 4,5 milliardar kroner på norsk sokkel
Fullt trykk på beredskap
Den siste meldinga ifrå HRS som har løpande kontakt med plattforma er at dei er i ferd med å få kontroll.
– Det er framleis full trykk på redningsberedskapen og alle ressursar er klare om situasjonen skulle utarte seg, seier redningsleiar.
Det er Equinor som styrer operasjonen, og Hovudredningssentralen assisterer berre Equinor i arbeidet med å koordinere tilgjengelege ressursar. Difor overlèt dei til oljeselskapet å frigi namnet på plattforma.
Gulen Base AS slår seg konkurs – har 155 mill. i gjeld til DNB