Det melder politiet kvart over fem.
Ulykka skal ha skjedd like etter klokka fem på E39 ved Hylkje.
Ein bil skal ha køyrd på ein hjort. Det er meldt om trafikale problem på staden. Det er ikkje meldt om personskade.
Politiet og entreprenør er på veg.
Klokka 18 melde Vegtrafikksentralen om at hjorten er fjerna og det igjen er fri ferdsel på staden. Noko etterslep på kø må reknast med.