Køyrde i lyktestolpe i rusa tilstand – no er han dømt for dette og meir

I april 2019 køyrde mannen inn i ein lyktestolpe i Meland. Sidan den gong har han tatt grep om livet sitt, og blir belønna for det av retten.

I april 2019 køyrde mannen inn i ein lyktestolpe i Meland. Sidan den gong har han tatt grep om livet sitt, og blir belønna for det av retten. Foto:

Ein mann i 20-åra frå Alver stod tidlegare i februar i Bergen tingrett, tiltalt for fleire høve av rusa køyring, køyring utan førarkort og fleire narkotikalovbrot. No er han dømt, men han slepp fengsel i første omgang.

DEL

Det var i april 2019 at mannen køyrde i ein lyktestolpe i Meland kommune. Han var påverka av rus, heldt høg fart, og hadde ikkje tilstrekkeleg merksemd mot vegbana. Då køyrde han av vegen, og turen enda i ein straumførande lyktestolpe.

Ulykka førte ikkje til personskadar, men både lyktestolpen, eit gjerde og bilen fekk store skader. Bilen han køyrde hadde ingen lovlege kjennemerker, og var ikkje registrert.

Mannen forklarte i retten at han heldt svært høg fart i ei 50-sone, og at ulykka hende då han fekk sladd på bilen. Lyktestolpen han køyrde i knekte, og bilen var ubrukeleg etterpå.

I april 2018 og i januar 2019 hadde mannen vore tatt for å ha køyrt bil medan han var påverka av forskjellige rusmiddel, samt alkohol. Ved alle dei tre hendingane hadde mannen ei påverkingsgrad som samsvarte meir enn 1,2 i promille.

Mannen hadde heller ikkje førarkort ved nokon av desse høva, og har i tillegg vore stoppa utan førarkort ved eit fjerde høve.

Oppbevarte fleire hundre narkotiske tablettar

Mannen var òg tiltalt for fem narkotikalovbrot. Ved to høve i 2018 skal han ha oppbevart forskjellige narkotiske midlar han ikkje hadde skaffa seg på lovleg vis.

Dette skal blant anna ha dreia seg om 138 tablettar som inneheldt klonazepam, fire tablettar som inneheldt alprazolam og 2,04 gram cannabisharpiks ved eitt av høva. Ved eit anna hadde han 5 tablettar med diazepam og 3,29 gram hasj, samt at han oppbevarte dopingmiddelet testosteron.

I ein tilleggstiltale er han tiltalt for eitt nytt høve der han oppbevarte narkotika og dopingmiddel, denne gongen våren 2019. Då oppbevarte han 0,22 gram cannabis, 14 tablettar som inneheldt alprazolam og 172 tablettar som inneheldt klonazepam. I tillegg hadde han dopingmidla trenbolon-acetat og testosteron.

Mannen var òg tiltalt for å ha stole ein bil, berre dagar før ulykka i Meland fann stad.

Slepp vilkårslaus fengsel

Den tiltalte mannen erklærte seg skuldig i alle delane av tiltalane då han møtte i retten, og tilstod utan atterhald. Dette såg retten på som formildande. Mannen meldte seg òg sjølv for politiet etter ulykka i Meland.

Samstundes var det skjerpande at han ved eitt av tilfella der han køyrde rusa hadde med seg passasjer. Køyreturane skal òg ha vore over lengre strekningar, det dreidde seg om blandingsrus, og mannen er tidlegare dømt for ruskøyring.

Oppbevaringen av dei narkotiske midlande var berande for straffeutmålinga.

Mannen kvalifiserte til vilkårslaus fengselsstraff, men aktor foreslo at straffa vart gjort vilkårleg dersom mannen gjennomfører eit program for ruspåverka køyring. Han sa seg motivert til å gjennomføre dette programmet

Retten merka seg at mannen har endra livet sitt etter ulykka i Meland. Han har sidan sommaren 2019 vore i behandling, og skal ha følgt programmet ved institusjonen han er på. Retten vurderte det som viktig at han fekk fullføre opplegget sitt der.

Mannen vart difor dømt til fem månaders fengsel på vilkår, med ei prøvetid på to år. Han får i tillegg ei bot på 5000 kroner.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken