Køyrde frå trafikkulykke: – Vi er interessert i vitne
Artikkelen er over 1 år gammel
Klokka 00.35 natt til laurdag fekk politiet melding om ei trafikkulykke i Romarheimsdalen.
Politioverbetjent Kurt Inge Hordvik fortel at bilen, som hamna i ei grøft, skal ha treft ein lyktestolpe, før føraren køyrde vidare.
– Vi har ikkje kome i kontakt med føraren, då han køyrde frå staden før vi var kome fram.
Saka blir etterforska av politiet, og Hordvik fortel at dei er interessert i vitneskildrinngar av køyringa i forkant av ulykka.
Kommentarer til denne saken