(Firda): Det er svært glatt somme stadar. Politiet melder at to bilar fekk problem på glatta måndag morgon. Den eine bilen køyrde av vegen på E39 i Årbergsdalen sør for Sande i Sogn og Fjordane.
– Her har vi ikkje vore på staden. Bilen hadde snurra og hamna på eit jorde. Førde bilberging og bileigar ordnar opp sjølve. Det er ikkje meldt om personskadar eller store materielle skader, seier Frode Kolltveit, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.
Den andre snurra rundt ved Haugevegen, ikkje langt frå den første. Denne bilen stoppa på ei busslomme.
– Det er ikkje meldt om personskadar her heller. Føraren er rutinemessig teke til legesjekk, men det er ikkje mistanke om alkoholbruk. Det er ingen materielle eller synlege skader på denne bilen, og airbagen vart ikkje utløyst, seier Kolltveit.
– Det var frykteleg glatt heile vegen frå Sande til Øksland, melder Firda sin fotograf på staden.