Gå til sidens hovedinnhold

Koronavaksinasjon: Friske eldre skal bli prioriterte før personar med underliggande sjukdommar

Folkehelseinstituttet har laga ei prioriteringsliste for koronavaksinasjonen. Dei første som får vaksine, er sjukeheimsbebuarar.

Når bebuarane på sjukeheimane landet rundt er vaksinert, er det friske eldre frå 85 år og eldre som står for tur, skriv VG. Dei blir prioriterte før personar med underliggande sjukdom, ifølgje FHIs anbefaling.

Instituttet fastslår dermed at friske eldre skal bli prioriterte før personar med underliggande sjukdommar.

Den første leveransen av vaksinedosar består av opp mot 50.000 dosar, og vaksineringa kan etter planen starte allereie i romjula. Truleg er denne første leveransen nok til å gi første dose av vaksinen til alle sjukehusbebuarar i heile landet.

– Den kunnskapen vi har til no om alvorleg utvikling og dødelegheit ved covid-19 er tydeleg på at det er alder som er den dominerande risikofaktoren. Kvifor det er sånn veit vi ikkje enno, men at det er sånn har vi tydeleg kunnskap om no, seier overlege Are Stuwitz Berg i Folkehelseinstituttet til avisa.

(©NTB)

Kommentarer til denne saken