Fredag ettermiddag like etter klokka 17.30 blir det meldt om at to personar er bekrefta smitta av korona i Alver.
Alver kommune skal ha fått informasjonen om dei to koronasmitta like før dei sendte ut ei pressemelding.
– Dette vert følgd opp etter gjeldane retningslinjer frå nasjonale myndigheiter, og kommunen har starta arbeidet med å kartlegge kontaktar, seier ordførar Sara Hamre Sekkingstad i ei pressemelding.
Sekkingstad forklarar at dei ikkje kan gå ut med informasjon om dei to personane med hensyn til teieplikta.
– Alle må følge råda frå nasjonale myndigheiter. No er det viktig å vere nøye med hygiene og halde avstand, desse råda endrar seg ikkje sjølv om vi no har fått to bekrefta tilfelle.
Avslutningsvis legg Sekkingstad til at:
– Vi må halde hovudet kaldt og hjartet varmt!
Saka vil bli oppdatert.