Gå til sidens hovedinnhold

Koronatest i Masfjorden var falsk positiv

Sjukeheimen gjekk i beredskap då det vart meldt om ein bebuar som hadde fått korona. No viser det seg at prøven var falsk.

Bebuaren ved Masfjorden sjukeheim, som laurdag testa positivt for korona, før han eller ho skulle sjekke ut frå Haukeland sjukehus, viser seg å ha fått eit falskt prøvesvar.

Det skriv Masfjorden kommune på sine nettsider måndag.

Fleire tilsette vart sett i karantene, og den aktuelle pasienten vart isolert på sjukeheimen, i tråd med beredskapsplanen for smitte på sjukeheimar.

Kommuneoverlege Rolf Martin Tande fortalde til Avisa Nordhordland måndag formiddag at dei har handtert situasjonen som eit utbrot, og det vart tatt prøvar av både tilsette og bebuarar.

– Har fått sett beredskapsplanar på prøve

Sidan tilsette som var nærkontaktar til den aktuelle bebuaren vart sett i karantene, kalla dei også inn ressursar for å sikre vidare normal drift av sjukeheimen.

– Vi har god og normal drift på sjukeheimen vår, men det er prega av at vi har ein uavklart smittesituasjon. Personell og tilsette har handtert dette på ein god og skjønnsam måte, sa Tande til avisa.

No som kommunen har fått beskjed frå Helse Bergen om at prøven var falsk positiv, er karantenane over for dei tilsette.

– Det har vore eit utfordrande døgn for leiing og tilsette ved sjukeheimen. Gjennom denne handlinga har vi fått sett våre beredskapsplanar på prøve, og er glade for å ha erfart at desse har fungert, skriv kommunen på nettsida si.

Avisa Nordhordland publiserte måndag ettermiddag ein artikkel om Masfjorden si handtering av smittesituasjonen. Dette var før vi hadde informasjon om at prøven var falsk positiv.

Kommentarer til denne saken