Gå til sidens hovedinnhold

Koronasmitte på to skular i Alver

Onsdag ettermiddag fekk Alver kommune melding om to positive prøvesvar knytt til Alversund skule og Knarvik vgs.

Det melder kommunen i ei pressemelding torsdag ettermiddag.

Ein av personane som har fått påvist korona er knytt til klasse 5B på Alversund skule. Klassen skal ha heimeskule til og med 6. mai. 19 elevar og 6 tilsette er i karantene til og med torsdag 6. mai, skriv kommunen.

Den andre personen som har fått påvist korona er knytt til Knarvik vgs. 28 elevar og 3 lærarar er i karantene til og med måndag 3. mai.

Koronasenteret jobbar vidare med smittesporing og testing.

Kommuneoverlege Terese Folgerø oppmodar alle om å avgrense sosial kontakt, følgje smittevernreglane og på den måten bidra til å redusere smitten. Ho oppmodar i tillegg dei som ikkje alt har gjort det til å laste ned smittetsopp-appen.

Kommentarer til denne saken