Gå til sidens hovedinnhold

Koronasmitte i russemiljøet etter fest

Russen deltok på fest i Haltejohansvika på Frekhaug.

Fredag melder Alver kommune om ein russ frå Alver som har fått påvist koronasmitte. Russen går på Austrheim vidaregåande skule, og har deltatt på ein fest i Haltejohansvika 13. mai.

Kommuneoverlegane i Alver og Austrheim kommune ber no alle som har deltatt på festen, om å teste seg.

– Dei vidaregåande skulane i regionen tar direkte kontakt med russen, og ber alle om å teste seg i sin heimkommune.

Kommuneoverlege i Austrheim, Peter Kubon og kommuneoverlege i Alver, Terese Folgerø, seier det er viktig at folk ikkje utset testen sin.

Vidare oppmodar alle om å avgrense sosial kontakt og følge smittevernreglane.

– Vi kjenner ikkje smittevegen til personen som har fått påvist koronavirus. Difor går vi breitt ut og ber alle om å vere merksame på symptom. Viss du får symptom må du halde deg heime og teste deg på nytt, seier kommuneoverlegane.

Kommentarer til denne saken