Cdc/hannah A Bullock; Azaibi Tamin

Korona-tal

Publisert

Hopp til innhald på sida:

Bekrefta smittetilfelle

Smittetilfella er bekrefta, altså dei som er blitt testa og har fått påvist korona.

Før 12. mars vart personer med milde symptom etter utanlandsreiser testa. Etter 12. mars blir ikkje desse testa lenger, og fokusgrupper for testing er no helsepersonell, alvorleg sjuke og personar i sårbare grupper.

Kjelder for tala er Folkehelseinstituttet og kommunar. Tala blir oppdaterte minst dagleg.

Innlagde på sjukehus

Kjeldene for tala er Helsedirektoratet og dei fire helseregionane, det blir oppdatert dagleg. Tala på intensiv- og respiratorpasientar blir rapportert på helseregion-nivå. Tala på innlagde kan gå opp og ned, etter kvart som pasientar blir lagd inn, blir skrive ut som friske, eller døyr.


Sjukemeldingar relatert til koronavirus

Tala blir henta fra NAV og refererer til sjukemeldingar frå helsevesenet der det er påvist eller mistanke om smitte av koronaviruset.

Tilfella av sjukefråvær i denne publiseringa bør tolkast med varsemd. Dei fleste elektroniske pasientjournalsystem er oppdatert med den nye koden for covid-19, men ikkje alle. Noko av auken i sjukemeldingar framover kan derfor kome frå auka bruk av koden på systemsida.

I tillegg leverer sjukehus sjukemeldingar på papir, og desse blir ikkje fanga opp elektronisk. I sum underrapporterer vi dei faktiske tilhøva noko.

Statistikken blir oppdatert automatisk klokka 10.


Barometer: Frykt og tillit

Amedia og Nettavisen gjennomfører daglege målingar av nordmenns frykt for eigen og andre si helse og økonomi, og kor fornøgde vi er med myndigheitenes handtering av koronakrisa.

Svara vi får blir lagt saman til ein såkalla frykt- og tillitsindeks. Her kan du følgje utviklinga. Tala blir oppdaterte kvar kveld kl. 21.

Artikkeltags