Korona gir nye betalingsløysingar for buss og båt

Av

Med stopp i manuelt billettkjøp på bussar og båtar i Vestland fylke, har alternative metodar for betaling kome rekordraskt på bordet. Manuelt billettkjøp vart stoppa tidlegare i veka av smitteomsyn.

DEL

– Skyss/Kringom tok onsdag i bruk Vipps for reisande på buss og båt i Sogn og Fjordane. I ettermiddag er appen Skyss Billett opna for sal av båtbillettar i Hordaland.

Du kan no kjøpe mobilbillett på følgande båtsamband:

  • Nordhordlandsruta (Knarvik-Frekhaug-Bergen)
  • Sunnhordland-Austevoll-Bergen
  • Lokalbåt Austevoll
  • Reksteren – Våge – Os
  • Rosendal – Bergen
  • Hellesøy – Hernar
  • Espevær – Eidesvik

(Merk at Askøyruta ikkje ligg under båt, sidan den høyrer til buss/Sone A)

– Det er mogleg å kjøpe enkeltbillett (unnateke gruppe, familie og tur/retur) og periodebillett. Det er ikkje mogleg å kjøpe kombinasjonsbillett (buss + båt).

Slik kjøper du båtbillett:

  1. Opne Skyss Billett-app
  2. Trykk på «Endre»-knappen ved «Buss og bybane» og vel «Båt»
  3. Skriv inn frå og til ønska båtkai
  4. Vel riktig billett og betalingsmåte
  5. Ta imot billetten

Ein treng ikkje å oppdatere appen for å nytte endringa, men det kan vere naudsynt å lukke og opne appen første gongen.

Artikkeltags