Det seier dagleg leiar i Bjørn West-museet, Arnold Matre.

Trass fleire koronarestriksjonar og stenging i fleire månadar har Bjørn West-museet klart å ha eit "vanleg" år sett frå totalt besøkande.

– Det var jo sjølvsagt ikkje lov med grupper på museet då det ikkje kunne vere fleire enn ti besøkande på filmrommet, så det var ikkje mange turbussar som kom, seier Matre.

Mellom 15.000 og 16.000 personar har vitja museet i år.

Det som redda museet var dei daglege besøka av enkeltpersonar som ønskte å koma innom.

– Vi har jo slite litt økonomisk grunna koronaen, men det har alle musea gjort.

Ope i romjula

Arnold Matre trur at grunnen til at så mange enkeltpersonar har besøkt museet har med den store merksemda kring Bjørn West-jubileet i 2019 å gjere.

– Folk i Noreg har leita etter fleire interessante reisemål i år, og eg trur at fleire høyrde om Bjørn West og derfor ville vitje museet, seier Matre.

Museet var stengt om våren, opna igjen om sommaren og mot slutten av hausten heldt dei stengt igjen.

– No skal vi halde oppe i romjula. Det kan hende at folk har mindre vennebesøk og har ledig tid og vil stikke innom museet, til dømes hyttefolka i Stordalen, seier han.

Det er første gongen museet skal vere ope i romjula.

– Vi skal sjå korleis det går. Dei som kjem blir møtt av museumsvert som lenge har jobba som vakt på museet og som kan fortelje Bjørn West-historiar.

Sjølv skal Matre ta litt fri i romjula.

– Eg skal passe på sauene mine og vere med familien.

– Optimistisk for 2021

Matre trur at dei gode besøkstala frå annleisåret 2020 lovar godt for museet til neste år.

– Eg er optimistisk for 2021, seier Matre.

Han seier at det viktigaste blir å få ein sesong der museet kan ha vanlege opningstider.

– Eg håpar at vi får fleire gruppebesøk til neste år. Eg håpar spesielt på at fleire skuleklassar ser seg råd til å kunne komme og besøke museet, seier Matre.

Han seier at det er viktig at nye generasjonar lærer kva det vil seie å kjempe for fred og demokrati.

– Samla sett har 2020 gått betre enn frykta, og eg håpar at 2021 blir eit bra år, seier han.