Nh kårar tiårets namn

Artikkelen er over 8 år gammel

Kven meiner du fortener utmerkinga?

DEL

Avisa Nordhordland inviterer no lesarane til å bli med å stemma fram tiårets namn i Nordhordland.

Olympiaren Tommy Urhaug, den utrøyttelege mil-generalen Helge Brekke, eller kanskje dei finstemte tonane frå Eikanger Bjørsvik?

Kven frå Nordhordland meiner du har utmerka seg aller mest i tiåret som ligg bak oss? Vi har lista ni kandidatar, men du er også velkomen til å koma med ditt eige forslag.

Hugs, tiårets namn kan like gjerne vera ein person som har jobba meir i det stille, t.d. innan kulturliv, næringsliv eller som eldsjel i frivillig arbeid.

Du kan stemma eller føreslå kandidatar ved å senda mail til atle@nordhordland.no.

Du kan også senda kandidat eller stemme per post. Då nyttar du adressa: Avisa Nordhordland, Kvernhusmyrane 29, 5902 Isdalstø.

Frist for å lansera nye kandidatar er 14. januar. Frist for å stemma på ein kandidat er 27. januar.

Følg kåringa også på våre nettsider, www.nordhordland.no.

Kandidatane er som følgjer:

1: Tommy Urhaug, Manger:

Verdseinar i bordtennis for funksjonshemma. Fleire gonger VM-og EM-vinnar, bronsevinnar i OL. Kåra til årets funksjonshemma idrettsutøvar tre gonger. 25 NM gull, 93 sigrar i internasjonale turneringar.

2. Helge Brekke, Knarvik:

Knarvikmil-generalen leiar arrangementet som meir enn noko anna set Nordhordland på kartet kvart år. Mottakar av kongens fortenestemedalje i gull for arbeidet.

3. EBML, Lindås;

Landets fremste brassband, set Nordhordland på kartet både innanlands og internasjonalt.

4. Ola Braanaas, Gulen;

Oppdrettskongen frå Gulen som gjorde kommunen landskjent då han henta heim kongestatuen. Har lagt ned mykje ressursar i å gjenreisa historisk viktige Skjerjehamn, og er viktig medspelar for Utkant-festivalen.

5. Ubåt-aksjonen ved Marie Karlsen, Fedje;

Fedje-damene sette ubåt-saka på dagsorden, og samla sterk nok opinion til at styresmaktene valde å gå inn for heving av vraket.

6. DJ Ralph Myer, Alversund;

Alias Erlend Sellevold. Verdskjent elektronica-musikar i leiinga for The Jack Herren band. Tildelt spelemannspris.

7. Kjersti Wiik, Knarvik;

Har gjort eit stort arbeid for å spreia folkemusikk i skulane, og sikra lokal folkemusikk-arv gjennom CD-utgjevnadar.

8. Lise Klaveness, Frekhaug/Oslo;

Mangeårig landslagsspelar i fotball, seriemeister for Asker. Svensk seriemeister med Umeå. Mykje nytta ekspertkommentator for fotball i TV.

9. Rune Alver, Alver:

Internasjonalt anerkjend pianist, særleg framheva for sin innsats for å gjera Grieg sin musikk kjend, blant anna gjennom CD-utgjevingar.

10. Vegard Flatøy, Flatøy:

Mannen bak suksessfestivalen Flatøy Rock Festival. (Lesarforslag)

11. Melano, Meland:

Jazzband frå Meland. (Lesarforslag)

12. Din eigen kandidat;

Her kan du koma med ditt eige forslag på kven du meiner fortener tittelen ”Tiårets nordhordlending”. Skriv gjerne ei kort grunngjeving.

Artikkeltags