Jenter med mange talent

Solist: Lovise var ein av dei mange solistane under konserten, ho framførte vakre «They Don´t Know».ALLE FOTO: Morten Sæle

Solist: Lovise var ein av dei mange solistane under konserten, ho framførte vakre «They Don´t Know».ALLE FOTO: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

LINDÅS: Målet er å få inn nok pengar til treningsleir i Barcelona. – Kjekt å gjera noko anna enn fotball saman med laget, seier jentene.

DEL


Tirsdag kveld inviterte NBK-jentene kjende og ukjende til konsert på Knarvik ungdoms-skule. Trenar Bjørn Brunborg er tydeleg stolt over jentene og det dei får til, og ikkje berre på fotballbana.
– Vi vil vise at fotball er meir enn berre teknikk og taktikk. Det handlar om samhald, lagkjensle og meistring, og ikkje minst alle timane desse jentene er saman, fortel Brunborg.

– Mange tårer

– Denne treningsjakka eg har på meg er eg stolt av. På høgre skuldra har det vore felt mange tårar, fordi nokon har slått seg, er skuffa over resultat eller av glede.
På konserten framførte jentene ikkje mindre enn 17 ulike nummer, frå ABBA-klassikarar til «The Cup song». Mange av songane vart framførte som kor, men fleire av jentene briljerte som solistar, både med song og pianospel. Mellom innslaga vart publikum meir kjend med jentene på laget gjennom presentasjonar av dei enkelte spelarane frå trenarane.

LES OGSÅ: Vil lokka «Hver gang vi møtes»-stjerne til Nordhordland

Det store målet jentene jobbar fram mot er ønske om å reisa på treningsleir i Barcelona 2016. Inntektene frå konserten og kiosksalet i pausen er eit av verkemidla dei tar i bruk for å nå målet sitt.
Maylinn Byrknes og Lovise Korsøen seier det har vore veldig kjekt å jobba med konserten.
 

– Skummelt i starten

– Det har vore ei forandring, og veldig gøy og spennande å jobba med. Eg synest vi klarer oss bra, seier Lovise til avisa Nordhordland i pausen.
– Det var litt skummelt i starten å stå framfor så mange folk, men det går seg til litt etter kvart, seier Maylinn. Ideen har vakse fram heilt sidan i sommar, med meir intens øving mot slutten.

LES OGSÅ: Bergen Domkor til Knarvik

– Det kjekkaste med konserten har vore å få høyra kva andre talent dei andre jentene har, og det å få gjera noko anna enn fotball saman med laget, seier dei to, som begge ser fram til Barcelonatur neste år.
– Det kjem til å bli heilt fantastisk, vi gler oss.
Trenar Brunborg er full av lovord til jentene.
– Vi har eit fantastisk samhald og miljø i laget. Dei er flinke til å skryta av kvarandre og skapa ein positiv kultur i laget, seier han.

LES OGSÅ: – Vi er betre enn i fjor

Artikkeltags