Gå til sidens hovedinnhold

Musikalsk feiring av kvinnedagen

Artikkelen er over 6 år gammel

Hjelmås-artisten Tine Taule inviterer til storstilla musikkfestival med berre kvinnelige artistar i Bergen til helga.

– Ideen kom for eit år sidan. Eg byrja tenka på kor fantastisk det ville vore med ein festival der ein samla alle kvinnelege artistar frå lokalområdet. No har eg vore så heldig og fått med meg 32 artistar til å skapa ei utruleg flott helg på Madam Felle og det kunne vore dobbelt så mange, fortel Tine Taule.

Ho står på eige hand bak festivalen og har jobba med alt frå booking til å designe plakatar.

I helga står artistar som Sigrid Moldestad, Myrna Braza, Christine Guldbrandsen og Tine Taule sjølv på scena.

– Aldri før har så mange kvinnelege, norske artistar spelt på same festival. Dette er noko heilt unikt, uttalar Taule.

Håpar på fullt hus

– Billettsalet har vore bra så langt og eg håpar på stinn bule gjennom heile helga, fortel Taule. Ho håpar festivalen slår såpass an at den kan gjentakas seinare.

– Det kjem heilt an på publikumstala. Eg håpar og trur det blir såpass fullt at me kan gjenta festivalen til neste år. Eg håpar publikum får ein strålande musikals oppleving og kanskje oppdagar nokon nye favorittar blant artistane som er med, seier ho.

Vil foreine kvinnemusikken

– Bergen er ein liten by med eit stort musikkmiljø og mange artistar. Dei mannlege artistane har fått mye merksemd dei siste åra så no er det på tide og retta lyset mot dei kvinnelege artistane, seier Taule.

– Dette er mykje meir enn berre ein festival. Det handlar om å foreine miljøet blant kvinnelege musikarar i regionen. Allereie med denne festivalen vert det skapt nye samarbeid og konstellasjonar blant artistane, i tillegg visar me fram heilt ny musikk for Bergenspublikumet. Nokon av musikarane på festivalen har knapt nok stått på ei scene før. At me gjer dette same helgen som me feirar kvinnedagen gjer berre symbolikken enda sterkare, fortel Hjelmås-artisten til avisa Nordhordland.

Utstillingsvindauge

– Det er som eit utstillingsvindauge for artistar utan management, bookingbyråar og for artistar som veljar å vere uavhengige og gjer ut musikk på eige hand.

Taule har jobba hardt for å promotere festivalen og musikarane som er med.

– Eg har fokusert mykje på å promotere artistane gjennom internett og sosiale mediar. Også i ulike radiostasjonar har artistane fått mykje spilletid inn mot festivalen.

Kan inspirera Nordhordland

I tillegg til Taule er også Silje Louise Spurkeland frå Seim klar for festivalen. Dermed stiller Nordhordland sterkt i helga.

– Det er ein ære å få være med på eit slikt arrangement og få stå på scena saman med så mange dyktige musikarar. Dette er eit fantastisk initiativ av Tine Taule og kjem absolutt til å fremje alle dei dyktige kvinnelige artistane me har i regionen, seier  Spurkeland som sjølv saknar ei betre scene i Nordhordland.

– Eg har lenge etterlyst ei scene i regionen der dyktige strilar kan samlast og fremje musikken sin og skape eit fellesskap, fortel Spurkeland.

Taule håpar festivalen vil inspirera det musikalske miljøet også i Nordhordland.

– Me kunne hatt med velkjende Nordhordlandsartistar som Monica Eide og Anne Hvidsten. Det er mange dyktige musikarar frå Nordhordland og forhåpentlegvis vil festivalen inspirere endå fleire, sluttar Taule.

Kommentarer til denne saken