Kronprinsparet besøkte Hillesvåg Ullvarefabrikk

14. juni 2018, kl. 18:19

Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit ankom Hillesvågen Ullvarefabrikk i Lindås kommune i pøsande regnvêr torsdags ettermiddag. Dei vart møtt av både barn og vaksne som song og veiva med flagg, og paret tok seg god tid til å snakke med dei. Deretter fekk Kronprinsparet ei omvisning på fabrikken, og vart tydeleg imponert over arbeidet som hadde blitt lagt ned for å bevare dei tradisjonsrike produksjonsmetodane.