Meland har sagt ja!

Ja til kommunesamanslåing i Meland.

Ja til kommunesamanslåing i Meland. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

19 av 27 kommunestyrerepresentantar stemte for ei samanslåing med Lindås og Radøy.

DEL

Resultatet kjem nok ikkje som ei overrasking for folk flest, eit fleirtal av kommunestyrerepresentantane hadde på førehand flagga sitt standpunkt om kva dei kom til å stemme i saka om kommunesamanslåing.

Les også: Lindås har sagt ja!

19 representantar stemte for ei kommunesamanslåing mellom kommunane Meland, Lindås og Radøy, 8 stemte mot.

Anne Grethe Eide stemte på tvers av resten av gruppa i Ap, og stemte nei. Øyvind Bratshaug i Frp stemte også mot.

Karina Garnes Reigstad og Leif Johnsen i MDG stemte nei, det same gjorde representanten Morten Klementsen i Bygdelista Folkeviljen.

Alle Sp sine tre representantar stemte mot.

LES OGSÅ: Radøy har sagt ja!

Artikkeltags