Kommunesamanslåing: Lindås har sagt ja!

    Kommunestyret i Lindås reiste seg og song Nordhordlandssongen etter det historiske vedtaket onsdag

    Artikkelen er over 3 år gammel

    Det var ikkje særleg overraskande, men no er det stadfesta.

    DEL

    Klokka 13.23 var det avgjort. Lindås hadde sagt ja til kommunesamanslåing. Det var ikkje særleg debatt, men alle partia la eit etter eit fram kvifor dei valde å stemma som dei gjorde, før ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF) talde opp stemmene. 

    Dei viste at 31 av Lindås sine 31 representatnar hadde sagt ja til å slå seg saman med naboane Meland og Radøy.

    Det braut ut spontan applaus etter at vedtaket var fatta.

    LES OGSÅ: Meland har sagt ja!

    – Utruleg flott

    Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF) var godt nøgd med vedtaket.

    – Dette synst eg var utruleg flott. At det vart samrøystes vedtak viser og at me har hatt ein god prosess i kommunestyret, seier ho til avisa Nordhordland.

    – Korleis har du det no?

    – Eg var veldig spent i dag, sjølv om eg visste det kom til å verta eit fleirtal. Det er alltid ei spenning, for det har vore ei viktig sak for innbyggarane våre, seier ho.

    – Har det eigentleg vore det?

    – Ja. og i det samtalane me har hatt i forhandlingsutvalet og i styringsgruppa, har innbyggarane sine tenester vore på dagsordenen og vore drivkraften, seier ho.

    Lindås kommunestyre 22/6-16. Her seier Lindås kommunestyre ja til kommunesamanslåing

    Lindås kommunestyre 22/6-16. Her seier Lindås kommunestyre ja til kommunesamanslåing Foto:

    Ho seier at både næringspolitikk og arealplannlegging er viktige ting.

    – Men det er her folk skal bu og ein skal ha tenestene dei til ein kvar tid treng. Difor har dette vore viktig, seier ho som truleg er tidenes siste Lindås-ordførar.

    Tidenes siste vara-ordførar i Lindås, Nina Bognøy seier det er ein spesiell dag å vera med på.

    LES OGSÅ: No er det din tur til å levere, Sanner!

    – Har sett fram til denne dagen

    – Eg har sett fram til denne dagen. Men det er og eit stort alvor oppe i dette. No beredar me grunnen for framtida. Dette vedtaket vert krevande for kommuneorganisasjonane våre, då må me vera med og backa dei opp etterkvart. Det er litt av ei greie me har bereda for innbyggarane og administrasjonen vår, seier Bognøy.

    Alle småpartia i Lindås, Venstre, Miljøpartiet De Grønne og Sosialistisk Venstreparti, med ein representant kvar i kommunestyret, stemte for. MDG og SV har trua på at dei kan verta styrka i ein storkommune.

    – Me i MDG har alt gode samarbeidspartnarar i Meland, peikar Anita Bakken i Lindås MDG på.

    Ho seier at saman står ein sterkare, difor støtta ho kommunesamanslåing.

    – Eg trur me kan skapa mange spanande grøna arbeidsplassar ved å stå saman, seier ho.

    Lindås kommunestyre 22/6-16. Det braut ut spontan applaus etter det historiske vedtaket onsdag.

    Lindås kommunestyre 22/6-16. Det braut ut spontan applaus etter det historiske vedtaket onsdag. Foto:

    Ho trur og ei samanslåing kan styrka nærsentra.

    LES OGSÅ: Tilhøyrarar reagerte på Askeland-uttale

    – Skal sørga for likeverdig tilbod til alle

    – Om me får kloke, gode prosessar kan dei verta sterkare enn i dag. Då kan ein skapa ei kjensle av at her bur eg, og ein vil kreva meir av politikarane for ein er redde for å mista noko, seier ho.

    Peder Jøsendal i SV seier deira rolle vert å vera i konstruktiv oposisjon.

    – Vår rolle vert å sørga for at tilbodet vert likeverdig for alle som bur overalt og sjølvsagt sørga for at me får litt fleire representantar inn i det nye kommunestyret, sluttar han.

    LES OGSÅ: Ein trist dag for Meland

    Artikkeltags