Dette er kommunane einige om: Intensjonsavtalane i kortversjon

SIGNERING: Frå signeringa av intensjonsavtalen på Strilatun.

SIGNERING: Frå signeringa av intensjonsavtalen på Strilatun. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Avisa Nordhordland har forsøkt å samla saman hovudpunkta i dei tre intensjonsavtalane som ligg føre.

DEL

Det er tre avtalar som ligg i bordet. Den eine er mellom Lindås, Meland og Radøy. Den andre inkluderer dei tre kommunane, men har også Gulen, Masfjorden, Fedje, Austrheim og Gulen med seg. Den siste avtalen er mellom Gulen og Masfjorden.

LES OGSÅ: – Utfordringane går ikkje over ved å stemma nei

Lat oss byrja med det alternativet som mange ser på som mest realistisk at gjennomfører ei samanslåing:

Lindås, Meland og Radøy

• Førebels namn er Nordhordland kommune

• Kommunesenteret i Knarvik

• Rådhusa i Meland og Radøy skal ha kommunale funksjonar i den nye kommunen. Det skal vera innbyggarrettleiing i alle rådhus.

• Lokal- og nærsenter vil bli lokalisert på Ostereidet, Lindås, Frekhaug, Vikebø og Manger

• Kommunestyret skal bestå av 43 medlemmar. Formannskapet skal ha 13 medlemmar. Alle kommunestyrerepresentantane skal sitta i minst eitt anna politisk organ

• Sjukeheimsplassar,

bufellesskap, omsorgsbustader og bu- og servicesenter skal vera nærast mogleg der innbyggarane bur.

• Ingen skular skal leggast ned som følge av ei kommunesamanslåing, eksisterande skulebruksplanar vert reviderte når den nye kommunen er etablert.

• Bibliotek, institusjonskjøkken og frivilligsentralane vert frå starten vidareført med dagens lokalisering.

• Den nye kommunen vil arbeida aktivt for at det skal opprettast eit universitets-/ høgskuletilbod i kommunen.

• Den nye kommunen skal jobba for effektiv internkommunikasjon og for å realisera lokale samferdselsprosjekt, t.d. Nyborgtunnelen, Alversund bru, Sambandet Vest og Ringveg Nordhordland

• Den nye kommunen vil utarbeida ein klima- og miljøplan med særskilt fokus på alternative energiformer, miljøeffektive løysingar og å førebygga klimaendringar

• Det er eit mål at ingen innbyggarar skal få høgare kommunal eigedomsskatt som følge av ein ny kommune.

• Vedtekne investeringsprosjekt vert vidareført i den nye kommunen.

LES OGSÅ: – Folk må rekna med at arbeidsplassen deira vert flytta

Storkommunen

• Førebels namn er Nordhordland kommune

• Kommunesenteret i Knarvik

• Rådhusa i Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Meland, Modalen og Radøy skal ha kommunale funksjonar i den nye kommunen. Det skal vera

innbyggjarrettleiing i alle rådhus.

• Lokal- og nærsenter vil bli lokalisert til Fedje, Mastrevik, Mo, Eivindvik, Sandnes, Hosteland, Ostereidet, Lindås, Frekhaug, Vikebø og Manger.

• Kommunestyret skal bestå av 43 medlemar. Formannskapet skal ha 13 medlemar. Alle kommunestyrerepresentantane skal sitja i minst eitt anna politisk organ

• Kommunestyret vel eit lokalutval i Modalen med fem medlemmer

• Innbyggjarane skal motta desentraliserte tenester. Sjukeheimsplassar, bufellesskap, omsorgsbustader og bu- og servicesenter skal vera nærast mogleg der innbyggjarane bur.

• Ingen skular skal leggjast ned som følgje av ei kommunesamanslåing.

• Bibliotek, institusjonskjøkken og frivilligsentralane vert frå starten vidareført med dagens lokalisering.

• Det er eit mål at ingen innbyggjarar skal få høgare kommunal eigedomsskatt som følgje av ein ny kommune. Det er semje om å harmonisera skattar og avgifter. Det inneber at den nye kommunen fjernar eigedomsskatten på hus og hytter.

LES OGSÅ: Laber oppslutning for kommuneavstemninger

Gulen og Masfjorden

• Gulen vert namnet på kommunen

• Hosteland vert kommunesenteret

• Dei fyrste tre til fem åra vert det ei administrativ organisering som i dag

• Kommunestyret skal ha 25 folkevalde og fem i formannskapet.

• Eigedomsskatten skal harmonerast

• Strukturen på tenester skal ligga fast dei fyrste fem åra

• Ingen skal ha meir enn to timars reiseveg, til og frå skulen

• Masfjorden sitt disposisjonsfond vert sett av til bunde driftsfond og skal brukast på lokale tiltak i dagens Masfjorden

• Konsesjonskraftinntektene skal brukast til samferdsleformål. I første runde Masfjordsambandet, deretter vegen frå Andås til Rutledal

• I tillegg skal ein prioritera betre vegstandard på fylkesveg 57 ved å få gul stripe og møteplassar der det er mogleg og omklassifisera den til riksveg

• Mobil og breibandsdekninga skal styrkast

• Om det ikkje vert Vestlandsregion, skal kommunen høyra til Hordaland.

LES OGSÅ: Ikjefjord vil til Gulen og Masfjorden – Høyangerpolitikarar rasar

Artikkeltags