Kommunen fortel i ei pressemelding at dei følger situasjonen nøye, og vil innføre lokale tiltak på kort varsel om det blir nødvendig.

– Førebels er vurderinga vår at dei nasjonale reglane er tilstrekkelege, men vi er avhengige av at innbyggjarane våre held fram med å følge smittevernreglane, seierkommuneoverlegen.

Nærkontaktar

Ho meiner at enkelte har for mange nærkontaktar og at dette aukar risikoen for å bli smitta og å føre smitte vidare.

– I tillegg gjer det smittesporinga krevjande, fortel kommuneoverlegen. Det viktigaste alle kan gjere no er å avgrense den sosiale kontakten mest mogleg, og redusere talet på nærkontaktar.

– Ikkje bytt nærkontaktar for ofte. Vel heller eit fåtal personar du kan vere med over tid, seier kommuneoverlegen.

Sluttspurt

Ifølge Folgerø er vi no inne i den viktige sluttspurten.

– Vi har kome langt med vaksineringa, og vil få eit godt vern av befolkninga i løpet av nokre få månader. Vi må ikkje slappe av no. I tillegg til å avgrense sosial kontakt, er det viktig å halde avstand, ha god handhygiene, vere heime om du er sjuk og teste deg så snart som mogleg om du får symptom og mistenker at du er smitta, seier kommuneoverlegen.

Mest smitte i familiar

Dei siste tre vekene har 46 personar fått påvist koronavirus i Alver kommune. Berre fire av desse har hatt ukjent smitteveg. Av dei som er smitta er dei fleste foreldre med barn i ulike aldrar, nokre få er over 50år.

– Smitten skjer i hovudsak i familiar, og kjem oftast inn i familien gjennom nærkontaktar på arbeid eller fritidsaktivitetar. Vi har ikkje registrert smitteoverføring mellom barn eller barn og vaksne på skular og barnehagar, seier kommuneoverlegen.