Kommunen kallar inn ekstramannskap for å få brøyta

Alver kommune jobbar så fort dei kan med å brøyte, melder dei søndag kveld.

DEL

Søndag har det oppstått trafikale problem fleire stader som følge av glatte vegar og mykje snø.

Tidlegare på dagen fortalde trafikkoperatør Marianne Hove til Avisa Nordhordland at Statens vegvesen hadde sendt ut alle brøytebilane dei har.

Også Alver kommune jobbar for fullt med å gjere vegane tryggare utover kvelden.

– Ventar du på brøytebilen? Vi har kalla inn ekstramannskap og jobbar så fort vi kan, skriv dei i eit Facebook-innlegg søndag kveld.

Dei forklarar at det tek tid grunna mykje snø og tre som sperrar vegane fleire stader.

– Vi oppmodar alle om å køyre forsiktig og vise omsyn til kvarandre og brøytemannskapet som er ute og jobbar for oss.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken