Kommunar i Nordhordland samarbeider med Røde Kors: Vil skape trygge rammer for frivillig arbeid

Kultursjef i Alver kommune, Eirik B. Utne, ønskjer å skape trygge møtepunkt for både frivillige og innbyggjarar.

Kultursjef i Alver kommune, Eirik B. Utne, ønskjer å skape trygge møtepunkt for både frivillige og innbyggjarar. Foto:

– Om situasjonen endrar seg, kan det bli aktuelt å be innbyggjarar om å melde seg.

DEL

Mange sit for tida i karantene som følgje av koronaviruset. Fleire har meldt seg frivillig til å hjelpe dei som ikkje kan gå på butikken for å handle, som ikkje lenger kan sende borna sine i barnehage, eller andre ting som har vore ein vanleg del av kvardagen.

No ønskjer kommunane i Nordhordland og Røde Kors å etablere eit knutepunkt for hjelpeinnsats til innbyggjarar.

I ei pressemelding skriv dei at følgjande kommunar vil samarbeide med Nordhordland Røde Kors: Austrheim, Fedje, Modalen, Masfjorden og Alver.

Vil skape eit kontaktpunkt

Gjennom frivilligsentralane og andre vil kommunane vere kontaktpunkt for innbyggjarar, kommunale tenester og frivillige. Det er Nordhordland Røde Kors som organiserer og gjennomfører oppgåvene.

– Målet er å skape føreseielege og trygge rammer for frivillig innsats, seier Eirik B. Utne, kultursjef i Alver kommune.

I pressemeldinga skriv dei at den nye ordninga skal vere i drift i løpet av nokre dagar.

Godt førebudde

Leiar i Nordhordland Røde Kors, Stig Nordvik, seier at dei er godt førebudde på situasjonar som krev mykje mannskap.

– Vi er glade for å kunne vere ein støttespelar for lokalsamfunnet vårt, seier han.

Kommunane og Røde Kors driv no på med ei kartlegging av behova som trengs for frivillig innsats.

Enn så lenge er det nok frivillige i Røde Kors, men dei er opne for at innbyggjarar kan melde seg om nødvendig.

Artikkeltags