Kommunal skandale, eller media-hysteri?

Av
DEL

MEININGAR: Eg les med interesse dei store oppslaga i lokalavisene dei siste dagane, om ei sak i tidlegare Meland kommune. Oppslaga har ført til mange reaksjonar og skuldingar hit og dit, og mange er mistenksame både på kommunetilsette og på lokalavisene. Sjølv har eg vore rådmann i eit par kommunar andre stader i landet, men er no «berre» ein av snart 30.000 innbyggjarar i Alver. Eg ynskjer difor å dela nokre synspunkt på det eg les, og heilt for eiga rekning.

Kva er det saka eigentleg dreiar seg om? Stikkordet her er habilitet, eller det å vera «ugild» på godt nynorsk. Innafor offentleg forvaltning er det klare reglar for når og korleis ein folkevald eller ein kommunalt tilsett kan vera inhabil i ei sak, og korleis saka då skal handterast. «Kommunelova» og «Forvaltningslova» gjev rammeverket for dette. Likevel er det ofte grunnlag for tolking – som ved alle andre lover. For dei som måtte vera interessert, finn ein «Veileder for Habilitet i kommuner og fylkeskommuner» på nettet.

Det er likevel ikkje lovverket som er det mest utfordrande, men korleis dette vert etterlevd i praksis. Ein folkevald skal til dømes sjølv «spørja seg inhabil» dersom han/ho trur dette kan vera tilfellet i ei konkret sak. Skjer dette i praksis? Kanskje ikkje så ofte som det burde. Det er uansett det organet som handsamar ei sak (Kommunestyre, Formannskap, Utval) som sjølv avgjer om ein folkevald er inhabil eller ikkje. Er dette problematisk? Det kan det vera, og særleg i mindre kommunar.

Når det gjeld dei tilsette i kommunen, er det i utgangspunktet dei same reglar som gjeld. Her er det den tilsette sjølv som har ansvaret for å vurdera om han/ho er inhabil, men den tilsette har likevel ei plikt til å leggja spørsmålet fram for ein overordna i fall det er tvil. Det er likevel ikkje slik at den som måtte vera inhabil berre kan ta hendene av fatet og lena seg bakover, då det framleis trengs nokon til å utføra oppgåva. Generelt er det då slik at det er ein overordna til den inhabile som må ta over oppgåva eller avgjerda. Dette kan ofte vera utfordrande i praksis, og det er særleg problematisk viss det er rådmannen sjølv som er inhabil. Sistnemnde har berre Kommunestyret som overordna, og i slike tilfelle må faktisk saka handsamast av ein annan kommune («sette-kommune»).

Håkon Rydland er busett på Seim og er tidlegare rådmann i Vestre Slidre og Sør-Aurdal.

Håkon Rydland er busett på Seim og er tidlegare rådmann i Vestre Slidre og Sør-Aurdal. Foto:

At saka no har hamna i Kontrollutvalet, viser berre at systemet fungerer slik det skal. Ynskjer du meir informasjon om dette, finn du «Kontrollutvalgsboken» på nettet.

Kva så med media; går ikkje dei langt over streken i denne saka? Eg trur utfordringa her er at i Nordhordland er me ikkje vande med ei presse som driv denne type «oppsøkjande journalistikk». Me vil helst berre ringja lokalavisa når me ynskjer bilete og reportasje frå eit hyggjeleg arrangement i bygda, eller lesa «Kva skjer» og lista over gudstenester.

Mi anbefalinger å endra denne haldninga, jo før jo heller. Med det fokus som i dag er på offentlegheit i kommunal og statleg forvaltning, og med den tilgang pressa (og du og eg som innbyggjarar) har til offentlege møter og offentlege dokument, vil det berre verta auka fokus på slike tilhøve framover. Så kan ein gjerne diskutera om pressa går over eller under streken i si tilnærming, men då har alle den same moglegheit til å klaga avisa inn for PFU (Pressens Faglige Utvalg).

Når det gjeld denne konkrete saka så tillet eg meg avslutningsvis å stilla nokre «spørsmål», samt å svara på desse sjølv - heilt subjektivt.

1. Er det gjort noko straffbart i saka? NEI. Ingenting av det som er kome fram gjennom media gjer handlingane straffbare etter lova. Eg vil også tru at dei det gjeld allereie kjenner «straffa» gjennom den eksponering saka har fått i pressa.

2. Kan ein venta fleire slike saker framover? Dersom pressa vel å bruka meir tid og ressursar på alt som ved kjem «kommunal forvaltning», og som omfattar både folkevalde organ og kommune administrasjon, så vil ikkje dette overraska meg. I så fall er det å vona at lokalpressa set inn eigen journalistisk fagkompetanse på dette feltet.

3. Kan ein ha tillit til Alver kommune etter dette? JA, det meiner eg så absolutt. Eg trur også ein kan vera rimeleg trygg på at rådmann, assisterande rådmann, teknisk sjef og alle andre i kommuneadministrasjonen, vil gjera alt som er mogleg for at liknande ikkje skal skje på nytt. Det same ynskjer nok også dei folkevalde i kommunen.

4. Bør ein skulda pressa for at denne saka har kome opp? NEI, det synes eg ikkje. Ein kan likevel gjerne diskutera lokalavisene si aktuelle tilnærming og presentasjonsform. For dei det gjeld er slike medieoppslag svært belastande. Det er nok likevel slik at offentlege tenestemenn og folkevalde lyt tola langt meir enn andre i slik samanheng.

Artikkeltags