Kolonnekøyring på E39 Romarheimsdalen

Det er laurdag kveld innført kolonnekøyring på E39 i Romarheimsdalen på grunn av svært vanskelege køyreforhold.

Det er laurdag kveld innført kolonnekøyring på E39 i Romarheimsdalen på grunn av svært vanskelege køyreforhold. Foto:

DEL

(BA): – Dette er meget sjeldent. Men no er det så dårlege køyreforhold at brøytebilen har bestemt at dei må køyre kolonne for å ivareta trafikantane sin tryggleik, seier trafikkoperatør Ove Amundsen til BA.

Han seier det bles kraftig, snør og fonnar seg i vegbana.

– No stopper kolonnevakter bilane på eigna stad i kvar ende av dalen. Der blir dei samla opp og henta av brøytebil som køyrer gjennom og hentar ei ny kolonne på andre sida, forklarer Amundsen.

Kolonnekøyringa er innført mellom Masfjordtunnelen og Gamlesetra, gjennom Romarheimsdalen.

Det er ei strekning på omkring éi mil.

Artikkeltags