Det har skjedd eit trafikkuhell i Isdalstø fredag formiddag. Det melder Vest politidistrikt på Twitter.
Uhellet skjedde ved innkøyrsla til Eurospar-butikken.
– Det er ikkje snakk om store skadar på nokon av bilane, seier etterforskingsleiar Glenn Ulrik Vaage til avisa Nordhordland.
Det var til saman tre personar i dei to bilane som var involvert. Ingen av dei vart skadd.
Politiet har oppretta sak etter hendinga.

Les også
Brot i SAS-meklinga – pilotane vert tatt ut i streik