Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Der var bussen nok ein gong. I dag trefte den vassdammen, og no er eg blaut på buksa også. Det regnar sidevegs, og me er ferdige på skulen.
Dessverre går ikkje bussen i rute frå Vatne til barneskulen, så me må gå to kilometer i all slags vêr for å sjå bussen køyra rett forbi oss. Dag ut og dag inn. På denne strekninga er ikkje bussen rutegåande, så me får ikkje sitja på, og dermed gjeld det å håpa på fint vêr, medan me ser etter bussen som køyrer den strekninga me må gå. Heldigvis har det skjedd at ein snill bussjåfør har stoppa og late oss sitja på når vêret er som verst.
For at ein kommune skal få folk til å busetja seg, er det nødvendig med kollektivtrafikk som bind bygdene saman. Og når kommunen har blitt så stor som Alver, vert det behovet mangedobla.
Kollektivtilbodet for oss som bur «på landet» eller «på bygda» er bedrøveleg. For meg som bur på Seim har fylket skulerutene å tilby. Det betyr ingen bussar i helgene eller på kveldane. Bussane som går til Knarvik, går 07.40 og 08.13. Dette er heldigvis berre i vekedagane, for noko meir hadde jo vore heilt overdådig.
For unge som bur nord for Nordhordlandsbrua, er busstilbodet essensielt. Me er avhengige av bussen for å komma oss ut til vennar, men like viktig: me treng bussen for å komma heim. Eg veit eg ikkje er aleine om å måtte gå fleire kilometer fordi det ikkje finst ein buss som går. Ikkje nok med at det manglar buss som me kan ta til og frå trening, me har heller ikkje alltid buss som går heim etter skulen.
Derfor spør eg dei som har ansvaret, Skyss. Kvifor kan ikkje bussen i det minste gå i rute frå Vatne til barneskulen slik at me kjem oss heim?

– Det blir utruleg deilig å få lappen. Då kjem ei heilt ny verd til å opne seg

Eva Kristine (17) har verken TikTok eller Instagram: – Eg føler meg fri

Kvar helg er det fest, men ikkje alle får komme: – Skikkeleg dritt følelse

Ferdinand (17) følte seg som ein framand då han flytta heim att

Polske Klaudia (17) er lei av fordommar: – Mangfald er bra!
