Kø på ein og ein halv kilometer. Lang ventetid på Lavik

VELDIG LANG KØ: Heile kaia er full i bilar. I tillegg står køa forbi svingane du kan sjå bakarst i bildet.

VELDIG LANG KØ: Heile kaia er full i bilar. I tillegg står køa forbi svingane du kan sjå bakarst i bildet. Foto:

DEL

(Firda): I 16-tida søndag ettermiddag var det ein time ventetid på Lavik.

– Alle ferjer går som dei skal, men det er stor trafikk og dette er grunnen til køane, seier trafikkoperatør Ketil Molvær.

Det er ikkje meldt om lang ventetid på andre sida av ferjeleiet.

– Frå Oppedal til Lavik er trafikken mindre. Der er det ikkje kø, enno i alle fall.

Kø på ein og ein halv kilometer

Ein Firda - tipsar melde like over klokka halv seks at det framleis er lange køar.

– Køen står heilt til avkøyrsla ved Mosemyra camping. Eg kom heldigvis andre vegen. På Oppedal-sida var det ikkje kø i det heile teke, seier tipsaren.

Det er 1,5 kilometer frå Lavik til Mosemyra camping.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken