Knarvikmila får 260 000 kroner i årleg driftsstøtte

SIGNERT: – Knarvikmila er avhengige av kommunen, og kommunen er avhengige av Knarvikmila på ulikt vis, seier mangeårig milgeneral Helge Brekke. Tirsdag signerte han ein ny samarbeidsavtale saman med ordførar Astrid Aarhus Byrknes.

SIGNERT: – Knarvikmila er avhengige av kommunen, og kommunen er avhengige av Knarvikmila på ulikt vis, seier mangeårig milgeneral Helge Brekke. Tirsdag signerte han ein ny samarbeidsavtale saman med ordførar Astrid Aarhus Byrknes. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Signerte ny avtale mellom Knarvikmila og kommunen.

DEL

– Både Knarvikmila, Lindås kommune og oss andre kan vera godt nøgde med oss sjølv no.

Det seier styreformann i Knarvikmila, Helge Brekke, etter signeringa av avtalen tirsdag.

LES OGSÅ: Slik skal Knarvikmila passera 10.000 deltakarar i 2016

– Med denne avtalen utvidar vi samarbeidet med kommunen. Det vert meir formalisert og langsiktig, og det vil sikre ein framdrift for Knarvikmila over mange år, seier dagleg leiar i Knarvikmila, Eddie Ebbesvik.

Støtte til drift

– Knarvikmila har vore ein viktig aktør i regionen i 33 år, og er så mykje meir enn eit arrangement og eit løp, det er blitt eit omfattande folkehelsetiltak, seier han.

Avtalen inneheld to hovudmoment. Det eine er Lindås kommune sitt ansvar i høve praktisk tilrettelegging på Knarvik Stadion. Det andre er økonomisk driftsstønad for å sikra meir føreseielege rammer for Knarvikmila.

LES OGSÅ: Han spring tre mil kvar dag

– Knarvikmila er avhengige av kommunen, og kommunen er avhengige av Knarvikmila på ulikt vis, seier mangeårig milgeneral Helge Brekke.

– Denne avtalen vil spara oss for mykje arbeid. Vi jobbar frå år til år for å forbetra det vi har gjort. Knarvikmila er hovudinntektskjelda for mange lag og organisasjonar, vi betaler ut 800 000 kroner kvart år, seier Brekke.

Tryggare for klubbane

– Med denne avtalen i ryggen blir det tryggare for dei mange klubbane vi inngår avtaler med, seier han.

Driftsstønaden utgjer 260 000 kroner i året over fleire år framover. I denne støtta ligg det og inne drift av aktivitetsløypa, ungdomsløpet, og sponsorstøtte, i tillegg til sjølve drifta.

LES OGSÅ: Har brukt 23 heile årsverk på frivilleg arbeid for idretten

– Mykje av dette er sånt ein har snakka om og avtalt kvart år. No ligg alt i ein avtale, og ein slepp å ta det ad hoc frå år til år, seier ordførar Astrid Aarhus Byrknes.

Artikkeltags