Lauritz bur i Nittedal, og går var han i bryllaup til slektningen sin, Hogne Brunborg. Før bryllaupet var niåringen også med og sprang 5 km på rundt 28 minutt. Knallsterkt.

– Kjempegøy å vera med på Knarvikmila, fortel han.

Alice Grønnevik frå Leiknes hadde ein skikkeleg innspurt på lur.

 

– Eg sprang saman med fleire andre, men eg hadde lyst til å springa for fullt og ville ikkje venta, fortel 2. klassingen.

Veninnene Åsne Blomvågnes og Solveig Hitland sprang Minimila i lag.

– Vi tok det litt som ein tur. Vi driv ikkje på med løping, men sømjing. Det er veldig kjekt å vera med på Knarvikmila, og vi måtte jo samla oss til ein skikkeleg innspurt, seier dei to 7. klassingane. Dei fortel at dei driv med symjing.

Topp knøtte-stemning

Dei hoppa over hinder, kraup under, og sprang slalom mellom kjeglene. Det var topp stemning og stor innsats i knøttane sin dag i Knarvikmila.

Eirik og Filip frå Tertnes gjekk til verket med stort pågangsmot.

 

– Dei synest det er gøy med slike hindringar, og ekstra stas å få medalje etterpå, fortel mamma Eva Frimannslund.

– Dette er moro for liten og stor, seier Ragnhild Hornæs frå Nesttun, mamma til 2 ½ år gamle Amalie.

– Det er aller kjekkast å hoppa over hinder, men ingenting er vanskeleg, synest Sebastian Kvale (4).

Bildeserie

Knarvikmila søndag