Startar trillegruppe

INITIATIVTAKAR: Jorunn Margrethe Blindheim startar trillegruppa Lettere til fots baby i regi av Knarvik Mila.

INITIATIVTAKAR: Jorunn Margrethe Blindheim startar trillegruppa Lettere til fots baby i regi av Knarvik Mila. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Barnevogngruppa Lettere til fots baby hadde sin første trilletur på torsdag. Jorunn Margrethe Blindheim oppmodar fleire folk i permisjon til å bli med på opplegget.

DEL

– Vi var tre stykker på første trilleturen vår, men på Facebookgruppa vår er det over 40 medlemmer, så det kan jo hende at vi blir fleire enn tre etter kvart som det vert vår og opplett, seier Jorunn Margrethe Blindheim.

Ho er initiativtakar til den nye barnevogngruppa Lettere til fots baby, ei turgruppe meint for småbarnsforeldre i permisjon. Blindheim sit i styret hjå Knarvik Mila som tilbodet er i regi av.

Les også: Trond Mohn gjev 40 millionar til idrettshall i Meland

Målsettinga er å få folk ut døra for å gå på tur med babyen i vogna.

Etterlengta tilbod

Kvar torsdag klokka 11 skal gruppa møtast ved parkeringsplassen bak NBK-bygget kor Brekkeløypa startar.

– Det er eit sosialt tilbod og eit fysisk tilbod, målet er å koma i betre form. Det verkar som folk har sakna eit slikt tilbod, seier Blindheim.

Les også: Ti år eldre tok kameratane sjansen på nytt ultraløp

Trillegruppa er gratis å vere med i, og sjølv om gruppa heldt til i Knarvik, oppmodar Blindheim at folk frå andre kommunar vert med dei, og kanskje også startar ei tilsvarande gruppe i si kommune dersom det ikkje fins.

– Facebook gjer det jo også veldig lett for oss å kommunisere og avtala med kvarandre. Det er slik eg har fått ut informasjon om gruppa, i tillegg fortel eg det til folk eg treff, seier ho.

Positive tilbakemeldingar

Blindheim meiner at det er mange gode tilbod for mødre og fedre i permisjon, men at det ikkje er noko tilsvarande grupper som kjem seg ut på tur.

Les også: Gladnyheit for AKS-77

– Eg har fått mange positive tilbakemeldingar på dette.

Blindheim har sjølv ei dotter på eitt år, så i august er permisjonen hennar over. Difor håpar ho at trillegruppa ho no har satt i gong vil halde fram.

– No vil eg skapa eit miljø for dei som møtast, så er målet at gruppa skal leva sitt eige liv etter det. Då håpar eg at nokon andre vil ta på seg ansvaret og syta for at dei som ynskjer det får møtast på faste dagar og trilla saman vidare, avsluttar ho.

Artikkeltags