Kvar gong er det like imponerande. Korleis mylderet av frivillige og samarbeidspartnerar greier å laga arrangement som ikkje står tilbake for noko. Knarvikmila leverte igjen. Når det gjeld dugnadsinnsats er Knarvikmila eit idrettsarrangement i verdsklasse. Gjengen som troppar opp år etter år, mange av dei har vore med heilt frå starten, fortener å hamna på sokkel på Knarvik stadion.

Dei som greier å koordinera alle dei frivillige kreftene gjer òg ein god jobb.

Det totale oppmøtet på 2022-utgåva er det heller ingenting å seia på. Over 6000 deltakarar er imponerande, særleg når me veit at mange av oss har vore litt treige å dra i gang etter pandemien.

Likevel sit eg med ei kjensle av at det har gnistra meir av Knarvikmila tidlegare. Det har vore endå større namn som har kasta glans over arrangementet, det har vore endå betre løparar på deltakarlista, det har vore nyvinningar som har gjort folk nysgjerrige.

Løyndommen bak Knarvikmila har vore at arrangørane har greidd å vera uredde og har tenkt stort. Jo, dei har slått seg på brystkassen over suksessane sine, men ikkje brukt suksessane som noko sovepute.

2022-utgåva av Knarvikmila hadde tre store høgdepunkt; arrangementa for dei yngste og dei eldste. Ungdomsmila, Knøtte- og Minimila gjorde at Knarvikmila med rette kan kalla seg ein folkefest. Under desse løpa syda det rundt Knarvik stadion. I tillegg imponerte pensjonistseminaret nok ein gong. Både føredragshaldarar og atmosfære var av eit kaliber som det kjem til å verta snakka om lenge.

Men det er òg nokre faresignal. Sjølve løpsøvingane for vaksne, som er og har vore flaggskipet til Knarvikmila, har det gneistra meir av tidlegare. Det hegemoniet som Knarvikmila greidde å få på 90- og 2000- talet, som den verkelege kongen av løpssarrangement i Hordaland, har Knarvikmila mista. På startstreken er det færre eliteløparar enn tidlegare, men òg færre vanlege mosjonistar.

Knarvikmila greidde å ri på og forlenga løpsbølgja på 80- og 90- talet. Eigentleg mot alle odds. Me står òg i dag midt i ei løpsbølgje, men ei løpsbølgje som er av ein heilt annan karakter. Der den førre løpsbølgja var upretensiøs, kollektiv og meir nøktern når det kjem til distanse, handlar dagens løpsbølgje meir om å sjå og å verta sett, om appar, om sosiale medium og om å slå rekordar. Denne løpsbølgja er meir krevjande for Knarvikmila.

Grunnen er at langt fleire enn tidlegare trålar jordkloden etter dei mest spektakulære maratonløpa. Det er New York, Berlin og London som er lista Knarvikmila vert målt mot. Eg har kompisar som reiser til Alpane og Pyrineane for å springa. Eg trur ikkje dei vurderte å vera med på Knarvikmila i år. Ja, Bergen city marathon har tatt over det lokale hegemoniet. Arrangørane der fortel ei historie som appellerer.

Denne løpsbølgja er ei nøtt for Knarvikmila. For gapet mellom dei som tek del i den app-baserte løpsbølgja i tights, og dei som berre trenar innimellom, er større enn nokon gong. Begge gruppene har vore viktige for Knarvikmila.

Uansett gjer dette bildet at Knarvikmila treng å fornya seg, om Knarvikmila òg i framtida skal vera meir enn eit solid, men vanleg idrettsarrangement.

Kvifor skal redaktøren legga seg opp i dette? Jo, fordi Knarvikmila har spelt, og kan spela, ein uvurderleg rolle i den framleis ganske ferske bygdebyen, i ein region som elles har vore prega av nøkternheit og måtehald. Knarvikmila og forløparen Knarvik games sikta mot skyene, og gjorde at éi helg i året kom faktisk verda til Knarvik.

Dette er ikkje ein jobb Knarvikmila bør gjera åleine. Her sit regionen med eit flaggskip som næringsliv, kulturliv, idrett og kommune bør dyrka for alt det er verdt. Om Knarvikmila skal tenka større igjen, treng ein at endå fleire ser verdien i eit arrangement som verkeleg set Nordhordland på kartet.

Når Knarvikmila 2022 skal evaluerast, bør arrangørane unna seg å skryta litt av seg sjølv. Jo, Knarvikmila greidde det igjen. Men på same tid bør dei komma opp med nokre nye idear, som dei går hundre prosent inn for. Det som verkeleg viser att. Det kan handla om sjølve løpsøvingane, men det kan òg handla om noko som kan løfta rammene rundt.

All historikk tyder på at dugnadskreftene har sterk nok rygg til å tåla nye og ambisiøse løft.

Det er nemleg det som har vore suksessformelen til Knarvikmila: Å takka dugnadsgjengen og samarbeidspartnerane for uvurderleg innsats og deretter satsa endå høgare neste år.