Gjev vekk bussen sin til Romania

HJELPER FATTIGE: Vidar Fløysand og to kollegaer køyrer til Romania i september, der skal han gje vekk bussen sin, samt dela ut poser og esker med klede og sko folk i Nordhordland har donert. – Det gleder meg å sjå kor lite som skal til for å gjera dei glad.

HJELPER FATTIGE: Vidar Fløysand og to kollegaer køyrer til Romania i september, der skal han gje vekk bussen sin, samt dela ut poser og esker med klede og sko folk i Nordhordland har donert. – Det gleder meg å sjå kor lite som skal til for å gjera dei glad. Foto:

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Sidan 1990 har Vidar Fløysand køyrt 18 bussar fulle av klede og sko til fattige i Romania. –Folk i Nordhordland er veldig gåvmilde.

DEL

Vidar Fløysand, som jobbar som bussjåfør i Nobina, har vore i Romania 15 gongar sidan dei i 1990 starta med hjelpesendingar til hovudstaden București.

I samarbeid med Romaniahjelpen Vestlandet har bussar fulle av esker og posar som strilar har donert, vorte køyrt til dei fattige landet.

– Romaniahjelpen kartlegger kven og i kva for område det trengst mest hjelp, og vi køyrer til desse stadane personleg, slik at dei fattige får forsendingane levert direkte, fortel Fløysand, som i september køyrer til Romania saman med to kollegaer frå Nobina.

Gjev vekk sin eiga buss

– Eg oppfordrar folk i Nordhordland til å gje vekk klede og sko dei ikkje treng sjølv. Spesielt varme klede er veldig flott, seier Fløysand, som i år har bestemt seg for å gje vekk sin private buss.

– I tillegg til klede og sko, har vi alltid gitt vekk bussane vi har køyrt ned dit, dei brukast som rutebussar i lokale område. Då eg var der i fjor, gjekk framleis 14 av dei 18 bussane vi har sendt sidan 1990. I år har eg bestemt meg for å gje vekk min Volvo Arna, som er ein 1976 modell. Eg har brukt den i ulike samanhengar opp gjennom åra, men eg har ikkje behov for den lenger, og veit at dei i Romania vert veldig glad for å få den, seier han.

LES OGSÅ: Ville rekrutera nye frivillige på Frekhaug: Ingen møtte opp

– Lite som skal til

Fløysand, som bruker om lag to veker av sin eiga fritid på hjelpesendinga, seier det kjennest godt å hjelpa dei som treng det mest.

– Det gleder meg å sjå kor lite som skal til for å gjera dei glad, det får meg til å tenka på kor godt vi har det i Norge, seier han.

Tidlegare år har fleire frå Nordhordland lagt ein lapp med adressa si med i forsendingane, slik at familiane i Romania kan kontakte dei og takka for det dei har fått.

– Eg har høyrt om fleire som har starta brevveksling, etter at dei starta med å legga ved adressa si, seier Fløysand.

LES OGSÅ: Vil ta i mot fleire flyktningar:– Det er så forferdeleg. Vi klarar ikkje å setta oss inn i det

Bussen køyrer rundt

Viss strilane er like gåvmilde i år som dei har vore tidlegare, trur ikkje Fløysand det vert noko problem å fylla bussen. Innsamlingsruta er allereie klar, og bussen kjem til å stå på ulike stader i Nordhordland dei siste to helgane i august.

– Folk må gjerne ta kontakt med oss dersom dei ønsker å bidra, og lurer på kor bussen kjem til å stå dei ulike dagane.

– Vi kjem til å sette inn annonse i avisa, samt henge opp lappar med informasjon om tidspunkt på dei ulike sentra. Det vert kr 100 i frakt på kvar innlevert pose eller eske, desse pengane går til å dekke diesel og ferjebillettar på turen, seier Fløysand.

Artikkeltags