Tatt for burning og grisekøyring midt i Knarvik

Artikkelen er over 3 år gammel

To unge menn vert fotgjengarar dei neste månadane etter kort moro på fredag.

DEL

Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om to bilar på ein parkeringsplass utanfor lensmannskontoret i Knarvik som mora seg med å burna og køyra stygt.

Fleire vitner til herjinga filma det som gjekk føre seg og gav filmane til politiet.

LES OGSÅ: Prøvde å stikka av frå politiet - Krasja

– Takk vera det fann me fram til begge bilførarane og ut frå det som er vist på filmane har me tatt frå dei førarkort og oppretta sak, seier operasjonsleiar Morten Kronen ved Vest politidistrikt til avisa Nordhordland.

– Kan dette setjast i samanheng med burninga som utløyste brannalarmen på Reklamehuset i førre veka?

– Det veit eg ikkje, seier Kronen.

Han seier at burning er ikkje noko politiet likar.

– Det er ei køyreåtferd me ikkje set pris på, særleg ikkje i områder med mykje folk, seier Kronen.

LES OGSÅ: Difor bar politiet våpen på utrykking til bilulykke

Tidlegare på fredag vart ein mann på 20 år tatt for grisekøyring i Eikefet-tunnelen.

– UP målte farten til 126 km/t, seier Kronen.

Seinare på fredag hadde politiet laserkontroll i 60-sona på Hundvin. Der fekk to bilførarar forenkla forelegg. Høgaste hastigheit vart målt til 74 km/t.

Artikkeltags