I kveld inviterer kommunen til debatt om Lonena

Utbyggingsplanar: Her i Lonena i Knarvik, tett på den populære Brekkeløypa, er det store planar om bustadutbygging. Det byrja med nærare 2000 bustader, no vil politikarane ikkje ha meir enn 300 bustader i områder fordelt på to områder på kvar side av Brekkeløypa, men samstundes i god avstand til sjølve løypa.

Utbyggingsplanar: Her i Lonena i Knarvik, tett på den populære Brekkeløypa, er det store planar om bustadutbygging. Det byrja med nærare 2000 bustader, no vil politikarane ikkje ha meir enn 300 bustader i områder fordelt på to områder på kvar side av Brekkeløypa, men samstundes i god avstand til sjølve løypa. Foto:

På Knarvik barneskule inviterer Lindås kommune til saksframlegg og debatt om dei omfattande framtidsplanane i Knarvik.

DEL

På seinhausten i 2015 fekk bebuarane ved Lonena i Knarvik nabovarsel, der dei fekk presentert planar for utbygging av det store arealet. Sidan den gong har debatten rast om kor omfattande desse planane faktisk skal vere, og kor stort ein skal satse på nybygg balansert med naturlandskap.

Knarvik er definert som regionsenter for Nordhordland, noko som gjer at det no blir satsa stort på nye bustader i området. Heile 2000, i hovudsak leilegheiter, er planlagt i Knarvik, og i områdeplanen for Lonena vert det lagt opp til anna og supplerande bustadtilbod som ikkje konkurrerer med sentrumsleilegheiter. Etter mykje politisk drakamp er utgangspunktet at om lag 300 nye bustader skal inkluderast i Lonenaplanane.

Den meir konkrete planen med dette skildrar eit meir romsleg bustadfelt, som samstundes er i nærleik til friluftsområde og idrettsarena.

I kommunen sitt saksframlegg heiter det også at det framfor biltrafikanten, heller vil bli lagt vekt på mobiliteten til den mjuke trafikanten, forgjengaren, syklisten og kollektivtrafikanten i området.

I kveld klokka 18.00 inviterer med dette Lindås kommune til høyringsmøte om planane kommunen lenge har arbeida med. Møtet er ope for alle interesserte, og det er også lagt opp til open debatt etter planframlegget. Det heile vil finne stad på nye Knarvik barneskule, i Hjarterommet.

Artikkeltags