Skal dela prisen med hunden Odin

NÅDDE IKKJE OPP: Marcus Morild går her med hunden sin Morild.

NÅDDE IKKJE OPP: Marcus Morild går her med hunden sin Morild.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Thea Iversen var superstolt over å debutera på fjerdeplass med hunden sin, Odin.

DEL

Debuterte på hundeutstilling:I helga var 400 hundefrelste samla i Nordhordlandshallen til den årlege hundeutstillinga.


Som vanleg var det deltakarar frå fjern og nær som var med på utstillinga. Og det såg og ut til at framtida var sikra.

– Ho likar meg

For i dei yngre rekkene var det og deltaking, heilt nede i fire år. Vinnaren i klassen for dei minste var Mia Paulsen med hunden Bella.

– Ho liker meg, då liker eg ho og, seier den glade seksåringen.

Som seier at Bella elskar å leika. Dei likar begge to utstillingar.

– Då har eg lyst til å vinna, seier ho.

Ei som ikkje har vore på utstilling før er Thea Iversen.

Ho fekk seg hund i haust, og deltok for fyrste gong på utstilling i helga.

Deler premien

– Eg likar å vinna med Odin, seier ho.

– Og så likar eg at den sleikar meg i fjeset, seier ho og legg ikkje skjul på at ho er stolt over å sikra seg fjerdeplass og ein flott medalje.– Når eg får medalje, så skal han og få ein medalje av meg, seier ho nøgd.

Artikkeltags