Arne ivrigast på Stegane

IVRIG: Nok eit år har Arne Reigstad flest turar på Stegane.arkivfoto: Yngve Garen Svardal

IVRIG: Nok eit år har Arne Reigstad flest turar på Stegane.arkivfoto: Yngve Garen Svardal

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Han berre må ut på tur, elles får han trøbbel med ryggen.

DEL

I 2014 er det Arne Reigstad som har vore ivrigaste turgåaren på Stegane og Gamleskulen i Knarvik, med 244 turar til begge plassane. Også i 2012 var han på topp blant dei som skriv namnet sitt i bøkene som er lagt ut.

– Eg går først og fremst for å halda helsa i orden. Eg slit litt med ryggproblem viss eg er for mykje i ro, og turane den beste medisinen du kan få, seier han.

– 244 turar, det er rimeleg ofte?

– Eg går kvar dag eg har anledning, og det vert ganske ofte.

LES OGSÅ: Selfie-postane er snart på plass

Tur kvar dag


– Det betyr at du går i allslags vêr?

– Ja, turen er endå friskare når det er stygt vêr. Dei siste månadane har vore spesielt tøffe.

– Det betyr at du har ein god start på 2015?

– I år har eg vore på tur kvar dag, seier Reigstad. Som oftast går han opp frå heimen i Gjervik, via gamleskulen og på Stegane.

LES OGSÅ: Magnar kjempar mot kreften med trening

Blaut på beina

– Av og til går eg Indregardsdalen, eller via Brekkeløypa. Har eg god tid, hender det at eg går nordover rundt Langavatnet eller Åsevåtnet. Det varierer litt, seier han. Og legg til at ein ikkje kan vera redd for å bli blaut på beina når ein går på tur i terrenget.

– Kva har du på beina då?

– Eg brukar goretex eller terrengsko. Av og til stig eg over, og med goretex så fer ikkje vatnet ut igjen. Men om ein er blaut på beina betyr ikkje mykje, du held varmen når du er i aktivitet, seier Reigstad som gjerne går lengre søndagsturar, ofte i lag med kona.

– Stegane eller Indregardsfjellet – kva er forskjellen?

– Vi som er innfødt har alltid kalla det for Stegane. Men det høyrer til Indregarden, dei to husa som ligg inst i sjølve Gjervik. Indregardsfjellet er nok det offisielle namnet. Stegane, kjem kanskje av at det nesten er trappesteg oppover.

LES OGSÅ: Klar for å la seg ut utfordra

Motiverande

– Det er utruleg bra å få ein slik tur. Når ein kjem opp i åra, skal det meir til å halda seg i form. Eg kjenner det om eg ikkje får gått på tur. Det vert nesten ein livsstil for å halda seg i form, seier han.

– Kor motiverande er bøkene som ligg ute?

– Eg trur dei er litt motiverande for mange. Du tar deg saman og tar deg ein tur.

– Mange vegar fører til Stegane. Kva er finaste vegen?

– Det er å gå frå idrettsanlegget og følga Brekkeløypa opp til vassverket, via Gamleskulen og rett opp der, eller sør igjen til Oksla, og opp derifrå, seier Reigstad, som og trenar ein del elles, mest tekniske øvelsar.

Neste helg skal han vera med i NM for veteranar innandørs i Leikvanghallen, i kule, tresteg, lengde utan tilløp og vektkast.

LES OGSÅ: Det skal meir enn torden og kraftige haglbyger til for å stoppa desse tøffingane

Artikkeltags