Nytt prosjekt skal integrera innvandrarar i Nordhordland: – Vil du vera frivillig?

Samarbeidsprosjekt: Lillian Bondevik, prosjektleiar frå Nordhordland Røde Kors, Øystein Vik, frivillig, Øyvor Larsen, leiar i Nordhordland Turlag, Asmait Mengstab Welgbriel, frivillig, Audun Håland, Nordhordland Røde Kors, Per Ole Ekker, frivillig sentralen i Lindås.

Samarbeidsprosjekt: Lillian Bondevik, prosjektleiar frå Nordhordland Røde Kors, Øystein Vik, frivillig, Øyvor Larsen, leiar i Nordhordland Turlag, Asmait Mengstab Welgbriel, frivillig, Audun Håland, Nordhordland Røde Kors, Per Ole Ekker, frivillig sentralen i Lindås.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Bakgrunnen for å starta opp denne aktiviteten er behovet for å skapa møteplassar mellom innvandrar i Nordhordland og nordmenn.

DEL

Det seier Lillian Bondevik, som er prosjektleiar for Røde Kors og Nordhordland turlag sitt samarbeidsprosjekt «Ut på tur i Nordhordland».

– Vi ønsker at dette prosjektet skal vera ein møteplass for integrering, språktrening og fysisk aktivitet, der frivillige frå Røde Kors og Turlaget skal vera turvenner for innvandrarar i Nordhordland, seier Bondevik, som håper strilane stiller opp og ønsker å vera frivillige.

LES OGSÅ: – Nærmiljøet stiller opp

Vanskeleg å læra språk

– Det er som dei fleste har fått med seg ei stor auke i innvandringa til Norge, og mange vert busette også i Nordhordland. Dei uttrykker at det kan vera vanskeleg å læra språket vårt, og det manglar gode arenaer for å møtast, seier Bondevik.

Ein typisk norsk aktivitet og arena der nordmenn møtes er gjennom å gå på tur, ute i naturen.

– Når me kjem oss ut på stiar, og vekk frå tettbygde strok, vert vi brått på hels med kvarandre, og det vert lettare å slå av ein prat med folk ein ikkje kjenner, seier ho.

– Vi trur at å gå på tur saman kan vera ein fin aktivitet å møtast i. Vi håpar òg at det skal vera låg terskel for å delta, både for nordmenn og dei i målgruppa vår, seier Bondevik.

LES OGSÅ: – Vi ungdommar vil ta imot dei med opne armar

Kvar torsdag

Aktiviteten skal i første omgang gå føre seg i Knarvik på torsdagar, med kantina i Nordhordlandshallen som møtestad, før og etter ein tur i Brekkeløypa.

– Hovudmålet vårt er å snakke norsk saman, men etter kvart som me vert kjente, og folk ønsker nye utfordringar, legg vi turen ut i skogen og i løypene rundt. Det vert og lagt opp til nokre sosiale møtestader, lengre fjellturar rundt Nordhordland i løpet av året, fortel Bondevik.

LES OGSÅ: Står saman om å hjelpa flyktningane

God integrering

– Det er ikkje så viktig om ein kan delta kvar veke, men at ein har lyst å gå på tur i ei sosial setting og bidra til god integrering i heimkommunen din.

– Nøkkelen til vellykka integrering byrjar ofte med språket, og då treng ein å få prata med andre som snakkar norsk, seier Bondevik, som fortel at meir informasjon kjem.

Har du spørsmål eller ynskjer å delta, kan du ta kontakt med Bondevik på mail: li-bo@live.no.

LES OGSÅ: Asylsøkarar ute på anbod

Artikkeltags