Vil bygga gigantisk helsehus i Knarvik: Lovar billighus i Knarvik

BER OM 450 MILLIONAR: Håkon Matre, styreleiar for det nye helsehuset i Knarvik, ber om 450 millionar kroner i låneramme frå kommunane i Nordhordland. Men han meir eller mindre lovar at han ikkje skal bruka så masse pengar på helsehus. FOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

BER OM 450 MILLIONAR: Håkon Matre, styreleiar for det nye helsehuset i Knarvik, ber om 450 millionar kroner i låneramme frå kommunane i Nordhordland. Men han meir eller mindre lovar at han ikkje skal bruka så masse pengar på helsehus. FOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Styreleiaren for det nye helsehuset i Knarvik seier seg meir eller mindre frivillig til å abdisera om det kjem til å kosta så mykje som 450 millionar kroner for 12.000 rutemeter helsehus.

DEL

Det sa styreleiar Håkon Matre til Lindås formannskap, torsdag.

– Ingen automatikk

Då hadde dei nemleg oppe ei sak om dei skulle støtta ei utvida låneramme for å bygga eit større helsehus enn planlagt.

Opphavleg var låneramma på 300 millionar kroner for 8.000 rutemeter helsehus. Men no har behova endra seg, og dei trur dei må bygga 12.000 rutemeter. Parkering i kjellaren kjem i tillegg. Då treng dei meir pengar, og ber no om ei låneramme på 450 millionar kroner.

– Det vert ikkje automatisk bygd 12.000 rutemeter. Me skal finrekna på det framover, og 1. oktober veit me kva me treng, seier Matre.

Det er den avgjerande datoen for vegen vidare.

Han seier det var fyrst etter nyttår i år dei byrja å innsjå at mandatet deira for eit helsehus på 8000 rutemeter kunne verta for lite.

–I april vart Helse Bergen sine bruttobehov sett på, og då fann me fort ut at 8000 rutemeter vart for lite, seier han.

Slik status er i skrivande stund treng Lindås kommune 2500 rutemeter og Helse Bergen 4423 rutemeter. Berekningane syner eit førebels behov for om lag 11.000 til saman.

– Eg føler at 8000-grensa er sprengt med god margin, seier han.

– Dyrare å bygga på

Eit alternativ dei ser på, er å berre bygga 8.000 rutemeter no, for så å bygga på seinare. Det åtvarar Matre mot.

Han meiner at det å bygga på i ettertid, anten ved å auka grunnflata eller auka tal etasjar, vil gje auka kostnadar i forhold til å ta heile utbygginga no.

Matre lovar og eit billighus når dei bygger.

Han seier seg meir eller mindre villig til å abdisera om heile låneramma må brukast.

– Då vil eg gå til eigarane mine og spørja om me verkeleg skal gjera dette, seier han.

Formannskapet i Lindås uroa seg over kor godt forankra dei 4423 rutemetra frå Helse Bergen faktisk var. Der hevda Matre at alt var avklara på direktørnivå. Framstegspartiet sine to representantar var dei einaste som stemde i mot å gje ei utvida ramme.

Artikkeltags