Gå til sidens hovedinnhold

Om tre månader skal det vera jordbruksland her

Artikkelen er over 6 år gammel

Senterpartiet krev at kommunen tek tak

– Området ligg som eit sår i kulturlandskapet som veks til med busk og kratt, seier ei oppgjeven Ingeborg Askeland (SP).

Tidlegare grunneigar Olav Kåre Vatnøy fekk løyve til å nytta tomta som mellombels areal for lagring av fyllmassar i samband med bygginga av rundkøyringa i Knarvik mot at den vart ført tilbake til jordbruksareal i 2012. Så skjedde aldri og i mellomtida er tomta seld vidare til Hageland Søderstrøm som søkte om å få setta opp hall. Det fekk dei lov til, men berre på visse vilkår. Mellom anna at bygget vart fjerna og området ført tilbake til opphavleg stand innan utgangen av august 2015.

Men ingenting er skjedd og i ein interpellasjon til ordføraren spurte Askeland om status på området.

Fungerande ordførar May Eva Sandvik svarte i kommunestyret på torsdag at eigaren har bede om å få sleppa å føre området tilbake til opphavleg stand, men at landbrukssjefen i kommunen har understreka at vilkåra gjeld og at området skal klarerast for såing våren 2015.

Ho lova og at Byggesaksavdelinga i Lindås vil følga opp vedtaket om at det skal førast tilbake innan fristen.

Dette var svar Askeland ikkje var nøgd med.

– Saka kan ikkje berre ligga og driva. Eg vil ha meir konkret tilbakemelding på kva som skal skje. Me kan ikkje sjå på at fristar ikkje vert overhalde gong på gong, sa ho.

Øystein Moldekleiv (FrP) meiner kommunen bør vera fleksibel i saka.

– Gartneriet ved Søderstrøm må sjå seg om etter ny plass å vera. Ved å forlanga at det opphavlege vedtaket skal haldast oppe, riv me ned grunnlaget for vidare næringsdrift, seier han.

Han meiner at eit gartneri vil vera det same som eit landbruksføretak, og dermed godt innanfor krava.

– Ein bør finna ei løysing på saka saman med tiltakshavar, seier han.

Kommentarer til denne saken